Historisk arkiv

Offentleg sektor 2.0

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

- Vi kan skape nye tenester gjennom deling. Men vi kan òg skape betre politikk gjennom openheit og deling. Eg ønskjer breiare deltaking i fornyingsarbeidet, sa fornyingsminister Heidi Grande Røys på Grenland EXPO 2009.

- Vi kan skape nye tenester gjennom deling. Men vi kan òg skape betre politikk gjennom openheit og deling. Eg ønskjer breiare deltaking i fornyingsarbeidet, sa fornyingsminister Heidi Grande Røys på Grenland EXPO 2009.

Med atterhald om endringar under framføring.


Godtfolk!

Fyrst vil eg takke arrangørane for invitasjonen til å kome hit. Vore her svært ofte, både på denne konferansen tidlegare, og på vitjing til mange verksemder. Svært spennande, omstilling, fornying, innovasjon og utvikling.
 
Eg har snakka til dykk før, og mange kjenner det vi har gjort m.a på standardisering, fri programvare og større satsingar over statsbudsjettet. Eg skal ikkje bruke tid til å sjå bakover, men dra linjene som regjeringa har trekt opp for offentleg sektor og dei endringane som ligg framfor oss. Og eg skal vise korleis IKT spelar ei vesentleg rolle i fornyinga av offentleg sektor.

Somme vil ha det til at offentleg sektor ikkje er i stand til å fornye og omstille seg. Dette er ein seigliva myte. Rekka av omstillingar, reformer og organisasjonsendringar i offentleg sektor er lengre enn de kanskje trur. Offentleg sektor har dei siste to tiåra vore gjennom den mest endringsintensive perioden nokon gong. Ein analyse frå Fafo viser at 45 prosent av dei offentleg tilsette hadde vore gjennom store organisasjonsendringar i løpet av berre to år. Det tilsvarande talet for tilsette i næringslivet var berre 30 prosent.

Omstillingsevna i offentleg sektor er altså på plass. Men omstilling og fornying er ikkje noko eingongsgreie. Vi arbeider kontinuerleg med fornying.

  • For at offentleg sektor løyser oppgåvene sine på ein god måte.
  • For at vi tilby tenester som svarar på det innbyggjarane treng.
  • For å gjere offentleg sektor i stand til å møte skiftande utfordringar i framtida.

Somme er opptekne av at offentleg sektor skal lære av privat sektor. Offentleg sektor har sikkert noko å lære. Men det er viktig å vere klar over at offentleg sektor har meir samansette mål enn nokon private verksemder. Ulikskapen mellom offentleg og privat sektor gjer at vi ikkje utan vidare kan kopiere marknadsløysingar og andre mekanismar frå næringslivet over i forvaltninga. Forvaltninga må byggje på eigne verdiar, styrker og kjenneteikn.

  • For det fyrste er statsforvaltninga eit verkemiddel i den demokratiske styringskjeda. Derfor er organisering og styring i staten ikkje teknokrati, men politikk!
  • For det andre skal forvaltninga vere open og inkluderande, slik at folk kan ta del i utforminga av velferdssamfunnet.
  • For det tredje skal forvaltninga ta vare på rettane til folk, og derfor følgje strenge prinsipp om rettstryggleik, likehandsaming og rettferd.

Mange av dei landa som gjekk lengst i å marknadsorientere, splitte opp og skilje ut tenester, prøvar no å finne ut korleis dei kan gjenerobre den politiske styringa og få til samordning. Dei løysingane som høgresida har kalla modernisering er utgått på dato. Her må det andre løysingar til.

Eg har nyleg lansert ei stortingsmelding om forvaltninga - ”Ei forvaltning for demokrati og fellesskap”. Den trekkjer hovudlinjene for forvaltninga, der vi utviklar den nordiske velferdsmodellen vidare. Dette byggjer på tre hovudpilarar:

  • arbeidstakarar og organisasjonane deira er medspelarar, ikkje motstandarar, i fornyinga av offentleg sektor.
  • marknaden har trong for styring og regulering. Finanskrisa har vist oss at fornying ikkje er å byggje ned dei offentlege institusjonane, men å gjere dei i stand til å møte skiftande utfordringar.
  • til slutt, og det er kanskje det viktigaste, vi må satse på fellesskapsløysingar som gir folk tryggleik, uavhengig av økonomi, etnisitet eller geografi. Alle har rett til - og lik tilgang til - gratis helsetenester og utdanning. Og vi har gode velferdsordningar både for permisjonar og permitteringar. Ein sterk og god offentleg sektor er ein føresetnad for eit velferdssamfunn, og ein konkurranseføremun for næringslivet.

IKT er eit heilt vesentleg verkemiddel for å lukkast med fornyinga.

  • Det handlar om effektive og gode tenester til deg og meg.
  • Det handlar om at du og eg skal kunne delta i utviklinga av offentleg sektor
  • Og det handlar om å gi tilgang til offentlege data, slik at næringslivet kan byggje tenester på offentleg informasjon.

Den fyrste typen tiltak handlar om å tilby gode tenester for brukarane og å gjere det på ein effektiv måte. Offentleg sektor kan i mange høve løyse oppgåvene sine smartare, samtidig som brukarane av offentlege tenester får eit enklare tilvære.

La oss ta helserefusjonsordninga. Til no har det vore slik at du og eg må ta vare på kvitteringar frå legar og apotek. Desse må vi få overførde til eit kvitteringskort for eigendelar. Etter kvart som desse hopar seg opp over eit visst tak, slepp vi å betale fleire eigendelar. Ei keisam side av dette er at det er lett å gløyme seg bort, miste kvitteringar eller gjere feil slik at ein ikkje får den godtgjersla ein har krav på som brukar.

Samtidig har ordninga skapt mykje papirarbeid for folk bak skrankane hos NAV. Det må då vere mogeleg å finne betre løysingar for dette? Ja, det er det sjølvsagt. Og vi er i gang. Regjeringa gjennomfører no ei helserefusjonsreform. Eitt element i reforma er helsefrikort. No skal vi sleppe å samle kvitteringar i det uendelege. Offentlege instansar, legar og apotek skal klare å stokke beina elektronisk. Løysingar som er i pilotfase no vil gjere kvardagen enklare for oss  - samtidig som det offentlege sparar pengar. Helserefusjonsreforma er planlagd å frigjere 250 årsverk i offentleg sektor. Dette er årsverk som kan brukast til betre tenesteyting der menneske trengst og ikkje maskiner kan gjere jobben.

Eit anna døme på tenesteforbetring - som samtidig fører til lågare kostnader - finn vi hos Lånekassa. Lånekassa arbeider med omfattande tenester. Det dreier seg om søknad, signering på gjeldsbrev, utbetaling, efaktura for tilbakebetaling, søknad om betalingsutsetjing, og meir til. Lånekassa legg opp til at kundane skal oppleve Lånekassa som papirlaus, og at dialogen skal skje gjennom elektroniske sjølvbeteningsløysingar.

Lånekassa har eit perspektiv som strekkjer seg utover si eiga verksemd: dei veit at brukarane deira òg har med andre offentlege instansar å gjere. Difor skal det vere automatisk datautveksling mellom ulike etatar, slik at brukarane slepp å registrere opplysningane sine mange gonger. Tilværet vert enklare for brukarane. Og Lånekassa sparar pengar. Sidan 2004 har talet på årsverk i Lånekassa gått ned med 80, og driftskostnadene har falle med 10 prosent. Det er kortare sakshandsamingstid og færre telefonførespurnader. Lånekassa vinn, og studentane og velferdssamfunnet vinn.

Den andre typen tiltak handlar om å gjere det mogeleg for alle å få innsyn i forvaltninga og medverke til korleis den utviklar seg framover. Dei fleste offentlege etatar har gjort mykje for å informere folk på internett om kven dei er, kva dei gjer og korleis ein skal te seg i forhold til dei.

Men no er tida inne for å tenkje vidare. Tittelen på dette foredraget er ”Offentleg sektor 2.0”, og den spelar på at vi òg kan lære av det vi kallar det sosiale nettet. Internett har endra seg.

Med bloggtenester, wiki-ar og nettsamfunn som MySpace, Facebook og Origo er vi blitt produsentar og ikkje berre konsumentar av innhald på nettet. Vi er blitt avsendarar og ikkje berre mottakarar av innhald. Vi er blitt deltakarar, ikkje berre tilskodarar.

Kva bør forvaltninga gjere i forhold til dei nye nettfenomena? Moglegheitene er mange. Det finst nettstader av typen ”FixMyStreet.com”, der folk kan melde frå om problem eller hendingar i nabolaget. Kva moglegheiter ligg det i noko slikt for renovasjonsetaten eller Vegvesenet?

Eit anna døme er såkalla e-petitions, som har vore prøvd ut mellom anna i England, Australia og USA. På norsk kan vi kalle det elektroniske protestskriv eller kanskje folkets dokument 8? Ei internettløysing gjer det enkelt for folk å gi si støtte til ulike protestbrev eller oppfordringar til styresmaktene. Her kan du støtte opp om krav om betre togtilbod, opprusting av skular og så vidare.

Underskriftene på dei einskilde protestbreva vert samla opp og sende inn til byrådet eller parlamentet eller kva instans det kan vere snakk om. Nokre stader er det òg gitt ein garanti for at alle brev med eit visst tal underskrifter vert handsama skikkeleg. Kan dette vere ein god måte å skape større interesse og deltaking i politikken på? Kan det vere ein demokratisk gevinst i at politikarar får informasjon om kva saker veljarane er opptekne av?

La meg òg forfølgje ein annan tanke. Offentlege instansar har formidlingsoppgåver. Dei skal gi råd eller faktaopplysningar til ulike grupper. La oss ta gravide som døme. Korleis treffer ein dei gravide mest effektivt? Det finst alternativ til ei offentleg nettside eller portal med innhald retta mot denne gruppa. Noko slikt som 90 prosent av alle gravide bruker nettstaden Barnimagen.com. For mange er dette den naturlege staden å begynne å leite etter svar på spørsmål om setefødslar, epidural, og trygge bilstolar for barn.

Kvifor ikkje oppsøkje dei gravide der dei er? Kan det vere at helsepersonell, familierådgivarar og andre burde bruke ressursar på å delta aktivt i diskusjonsfora - kanskje med eit spesielt flagg som viser at dei representerer det offentlege?

Moglegheitene er mange! Og; det utfordrar mange! Vi er nok ikkje ferdig med diskusjonen om kva forvaltninga bør lære av web 2.0 enno…..

Den tredje typen tiltak er knytt til korleis det offentlege kan leggje til rette for innovasjon og næringsutvikling med IKT som utgangspunkt. Eit velkjent døme på dette er korleis satsinga på Altinn gir enorme forenklingar for næringslivet.

Eg vil òg understreke at programvarepolitikken, med vekt på opne standardar og fri programvare, er viktig til at fleire, og andre, IKT-aktørar kan vere med. Vi frigjer oss frå lukka, proprietære løysingar. Vi skal ha opne løysingar og opne standardar. Då endrar vi òg premissane for kva verksemder og fagmiljø som skal kunne delta.

Men noko av det mest spennande er kanskje korleis vi kan medverke til næringsutvikling og verdiskaping i privat sektor ved at offentlege data vert gjorde tilgjengelege. Vi ser starten på dette, mellom anna med vêrdata og eigedomsdata. Men vi bør kunne gå lenger, men førebels er det kontroversielt og eit budsjettspørsmål. Offentlege instansar sit på store mengder informasjon som kunne utnyttast langt meir. Som på geodata og kart, alt digitalt innhald som finst i kultursektoren eller data frå samferdslesektoren, som mellom anna data om trafikken.

I regjeringa si innovasjonsmelding slår vi fast at det er viktig å opne opp for vidare bruk av offentlege data. Og arbeider vi med å få rydda unna snubletrådane slik at dette kan realiserast. 

Kva skal til for at vi skal lukkast med fornying der IKT er sjølve nøkkelen?

For det fyrste må vi ha god styring og samordning. Til saman er det over 800 statsetatar, fylkeskommunar og kommunar som sjølve avgjer kva IKT-system dei skal ha. IKT i offentleg sektor har vore eit gigantisk lappeteppe; laust tråkla saman.

Regjeringa har lagt fram forslag om standardisering og felleskomponentar, no legg vi nye føringar for å styre og samordne!

Nye IKT-prosjekt i staten skal følgje nokon enkle køyrereglar som gjer at heilskapen blir vareteke, sokalla arkitekturprinsipp. Reglane seier mellom anna at vi skal satse på fellesløysingar der mange har trong for det same.  IKT-løysingar skal heretter alltid vurderast i høve til gjenbruk. Den enkelte offentlege verksemd må rette seg etter arkitekturprinsippa når dei utviklar og skaffar seg ny IKT. Etatar som ber om løyvingar til store IKT-prosjekt, må i budsjettprosessen vise korleis dei tar omsyn til desse køyrereglane. Dersom verksemdene utan god grunn avviker frå hovudprinsippa, risikerer forslaga å verte  vraka. Vi skal kort sagt utnytte ressursane betre. Styre og samordne.

Den andre suksessfaktoren er deling. Eg har nemnt at vi no stiller krav til statsetatane om at dei skal vurdere gjenbruk og samarbeid i samband med IKT-investeringane. Men delingskulturen må sjåast i eit vidare perspektiv. I kryssingspunktet mellom forvaltninga, næringslivet, forskingsinstitusjonar og andre organisasjonar og enkeltpersonar kan det skje spennande nytenking. 

Eit døme på slik delingskultur finn vi i fri programvare-rørsla. Då eg var på Go Open-konferansen for eit par veker sidan kunne ein glede seg over korleis interessa for delingskultur har vakse seg stor dei siste åra.

Vi kan skape nye og betre tenester gjennom deling. Programkode som forvaltninga får utvikla, bør gjerast tilgjengeleg som fri programvare for alle innbyggjarar. Det bør òg vere størst mogleg grad av openheit rundt utviklingsprosessane.

Då FAD rett før jul lanserte statens nye, elektroniske reiserekning, brukt av svært mange fleire enn staten, så gjorde vi nettopp dette. Vi la ut kjeldekode og dokumentasjon under ein fri lisens. Og vi oppretta ein prosjektnettstad der endringsynske og kommentarar kunne leggjast inn. Då det viste seg at løysinga dessverre inneheldt mange feil, vart det likevel svært tydeleg for oss kor nyttig ein slik open modell er. Tilbakemeldingane og feilmeldingane vi får er som regel svært presise. Dette gjer at vi raskare kjem vidare. Meir av det!

Den tredje suksessfaktoren er tilgang på god kompetanse. Fornying av offentleg sektor krev innsikt i endringsprosessar. Difor treng vi forsking på korleis informasjons- og kommunikasjonsteknologi endrar arbeidsmetodane, kommunikasjonen og ressursbruken til forvaltninga. Eg har nyleg løyvd 10 millionar til IKT-forsking. Målet med løyvinga er auka kunnskap om kva vinst offentlege verksemder kan hauste av IKT-støtta reformer, og kva som skal til for å hauste denne vinsten. Eg ønskjer òg meir kunnskap om bruk av fri programvare fører til endringar i kostnader ved innkjøp og vedlikehald av programvare, om samhandlinga vert annleis og om korleis fri programvare påverkar kvaliteten på offentlege elektroniske tenester og IKT-system.

Vi kan skape nye tenester gjennom deling. Men vi kan òg skape betre politikk gjennom openheit og deling. Eg ønskjer breiare deltaking i fornyingsarbeidet. Fornying skal ikkje berre skje ovanfrå og ned. Den skal òg i stor grad drivast fram av medarbeidarar i forvaltninga, som i kraft av si innsikt ser nye løysingar og moglegheiter. Og innbyggjarane skal òg delta.

Framveksten av sosiale nettsamfunn og den store utbreiinga av fri programvare viser at det eksisterer ein sterk deltakar- og delingskultur i samfunnet. Dette skapar ei forventing, kanskje spesielt blant dei unge, om at deltaking i form av informasjonsdeling, brukarskapt innhald og dialog òg skal vere norma ved utvikling av offentlege elektroniske tenester.

Forvaltninga kan, og bør, utnytte deltakar- og delingskulturen på nettet betre. I andre land ser vi at brukarskapte initiativ har skapt nye og lokale tenester på grunnlag av offentlege datakjelder. Forvaltninga bør i større grad gi slike initiativ tilgang til sine data og elektroniske tenester slik at brukarskapte tenester kan oppstå. Desse vil kunne vere eit nyttig supplement til dei eksisterande offentlege, elektroniske tenestene, samstundes som dei vil kunne peike på funksjonalitet som forvaltninga med fordel sjølv kan nytte.

Eg ønskjer debatt om fornyinga av offentleg sektor, og eg vil ha diskusjon om IKT som verkemiddel. Derfor har eg lansert ein eigen nettstad - deltemeninger.no. - der alle kan gi kommentarar og innlegg baserte på artiklar skrivne av ei lang rekkje bidragsytarar. Det er spennande og interessant og lese. Eg oppmodar dykk til å gå inn på desse sidene og gi dykkar synspunkt!

Lukke til med resten av konferansen, og tusen takk for meg!