Historisk arkiv

Hausta takk for lange vogntog

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete mottok i går ein takk frå "Transportmagasinet" på vegne av transportbransjen, for å ha fått til ei vidareføring av overgangsordninga for lange vogntog. (06.12.06)

Hausta takk for lange vogntog

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete med karikaturtekning

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete mottok i går ein takk frå "Transportmagasinet" på vegne av transportbransjen, for å ha fått til ei vidareføring av overgangsordninga for lange vogntog. Transportmagasinet gav ministeren ein original av ei karikaturteikning, som eit uttrykk for at bransjen set stor pris på engasjementet til statsråden i denne saka.

- Dette har vore ei sak som eg i lengre tid har arbeidd hardt for at skulle gå gjennom. I november hadde eg eit møte med EU-kommisæren for transport og energi, Jacques Barrot. Eg tok opp kor viktig det er at Noreg får vidareføre overgangsordninga for lange vogntog og fekk gjennomslag for det, seier samferdselsministeren.

- Det ville vore håplaust om EU-krav skulle hindre oss i å drive tungtransport som er lagt til rette for norske vegar og ver. Dette er sjølvsagt òg ei viktig sak for norsk transportnæring, då det ifølgje næringa sjølv er registrert 10.000 kombinasjonar av køyretøy som denne ordninga ville fått verknad for. Barrot viste forståing for vår sak i møtet, og ba oss ta opp dei tekniske detaljane med EU-direktoratet for transport og energi. No har vi fått melding frå direktoratet om at desse detaljane er i orden. Samferdselsdepartementet har sendt eit brev til Vegdirektoratet, der vi ber direktoratet om å få på plass dei forskriftsendringane som er nødvendig for at overgangsordninga kan halde fram, seier samferdselsministeren.

Brev av 28.11.06 frå Samferdselsdepartementet til Vegdirektoratet

Brev av 12.10.06 frå samferdselsministeren til EU-kommisæren for transport og energi, Jacques Barrot

Vedlegg 1

Vedlegg 2

Vedlegg 3