Nordisk og baltisk ministermøte om samferdsel
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Samferdselsdepartementet
Nyhet | Dato: 19.06.2006
Tysdag 20.-21. juni samlast dei nordiske og baltiske landa til ministermøte om samferdsel i Balestrand, Sogn og Fjordane. Delegasjonar frå ni land og fem ministre vil ta del i møtet.
Tysdag 20.-21. juni samlast dei nordiske og baltiske landa til ministermøte om samferdsel i Balestrand, Sogn og Fjordane. Delegasjonar frå ni land og fem ministre vil ta del i møtet.
Delegasjonane kjem til Kvikne Hotell, Balestrand tysdag ved 15-tida, og startar ministermøtet same ettermiddag. Programmet for kvelden rundast av med ein konsert i St.Olavs kyrkje. Ministermøtet held fram onsdag 21. juni til 14.00.