Historisk arkiv

Rett og gale om rassikring i Kjøsnesfjorden

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Rett og gale om rassikring i Kjøsnesfjorden

Av samferdselsminister Liv Signe Narvarsete

Innlegg i Sogn Avis i desember 2006

Den siste veka har det vore ei rekkje medieoppslag om rassikring i Kjøsnesfjorden. Dei har gitt ei til dels skeiv framstilling av saka, og eg vil derfor gjere folk i Sogn og Fjordane merksam på følgjande:

I budsjettet for 2007 er det lagt opp til å starte rassikring av riksveg 5 langs Kjøsnesfjorden (Hammarsgrovi – Stølsneset) hausten 2007. Dette er raskare enn planlagt i handlingsprogrammet for 2006-2009 i Nasjonal transport plan (NTP).

Men fordi det har vore ei stor kostnadsauke i prosjektet, er anleggsstarten avhengig av at fylkeskommunen/Vestlandsrådet går inn for å prioritere om på midlane slik at prosjektet kan fullførast innanfor planleggingsramma til rassikring for 2006-2015.

Kostnadsoverslaget for prosjektet er 200 millionar kroner. Dette er om lag 80 millionar høgare enn det som vart lagt til grunn i handlingsprogrammet. I handlingsprogrammet vart det og lagt til grunn at ein skulle starte i 2008.

Omprioriteringa fylkeskommunen må gjere no, er berre ei framskunding av ”problemet”. På grunn av kostnadsauka i prosjektet måtte fylkeskommunen uansett ha omprioritert midlar til Kjøsnesfjorden i 2008/2009.

Dersom fylkeskommunen vil framskunde prosjektet, slik Samferdselsdepartementet har føreslått, må fylkeskommunen følgje spelereglene og fatte dei vedtaka som er naudsynte.

Det er faktisk slik at dersom ein treng meir enn planlagt på eit prosjekt, så må ein gjere om på prioriteringane innanfor den overordna ramma. Dette er den ramma vi alle må rette oss etter, heilt til vi vedtek ny NTP og nytt handlingsprogram i 2010. Alle fylke må rette seg etter dette, også Sogn og Fjordane.

Fylkeskommunen skal ikkje inn med midlar her. Staten skal finansiere prosjektet. Det vart lagt inn 10 millionar i 2007-budsjettet då det då det er summen Statens vegvesen forventar å kunne nytte i 2007. Vidare vil det bli følgd opp med midlar i 2008 og 2009 for å halde god framdrift i prosjektet. Kor vidt det er mogleg å finne ekstra midlar må svarast på i det enkelte årsbudsjett. Det å gjere ei omprioriteringsvedtak i dag, er eigentlig ein formalitet, men no vel ein å gjere ein stor sak ut av det. Det skuffar meg.

Om vi skal få gjort noko med dei farlege strekningane i Sogn og Fjordane, er det viktig at vi aksepterer realitetane og byrjar å arbeide ut frå dei, framfor å drive politisk spel omkring saka.

Vi må kome i gong med prosjektet i Kjøsnesfjorden allereie i 2007 slik regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2007. Difor håpar eg fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane vil gjere dei vedtaka som trengs no.