Historisk arkiv

Optimalt tidsforløp - ferjeanbod

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

På oppdrag frå Samferdseldepartementet har Møreforsking Molde AS vurdert samfunnsøkonomiske verknader av å konkurranseutsetje alle ferjesamband innan utgangen av 2009, samanlikna med ei situasjon der dette kan gå over ein noko lengre periode.

Rapporten konkluderer med at det er uvisst om val av tempo for konkurranseutsetjinga har avgjerande samfunnsøkonomiske verknader. Det er altså ikkje sikkert at ei for rask konkurranseutsetjing alltid er optimalt.

- Eg har tidlegare varsla at eg ikkje vil stanse konkurranseutsetjinga når det gjeld drift av riksvegferjene. Planen er at anboda skal vere lyst ut innan utgangen av 2009, slik det og er skrive i siste statsbudsjett. Det er i alle tilfelle viktig for oss at resultatet blir best mogeleg for dei reisande, dei tilsette i sektoren og for næringa, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Rapport frå Møreforsking: