Ein milliard kroner årleg til rassikring
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Nyheit | Dato: 09.10.2008
Samferdselsminister Liv Signe Navarsete går inn for at det i Nasjonal transportplan 2010-2019 skal leggjast opp til å bruke ein milliard kroner årleg til rassikring. - Eg vil i dag varsle ei satsing på veg og rassikring som Noreg ikkje har sett maken til, sa samferdselsministeren då ho i dag opna Nasjonal rassikringskonferanse i Oslo.

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete sa mellom anna dette då ho opna konferansen:
- Eg er stolt over at regjeringa gjer det løftet for rassikring som me no gjer. Samstundes er eg glad for alle som set søkelys på denne problematikken, slik de gjer, både i dag og elles.
- Nasjonal rassikringsgruppe har kravd ein milliard kroner årleg til rassikring. Det er ei målsetjing eg deler og som vil vere mitt utgangspunkt når eg går i drøftingar med regjeringa om rammene for den neste ti-årsbolken i norsk samferdsel.