Første møte i utval for utgreiing av vegtilsyn
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Nyheit | Dato: 07.02.2008
- Ei av problemstillingane me ynskjer at utvalet skal sjå på er kor kontroversielt det er at eitt og same organ både fastset og følgjer opp sentralt regelverk. Dette kan i prinsippet vere uheldig. Det me ikkje veit, er kva som er dei praktiske konsekvensane av dette, og kva som vil vere konsekvensane av ei eventuell endring. Dette sa samferdselsminister Liv Signe Navarsete da det regjeringsoppnemde utvalet for utgreiing av vegtilsyn, hadde sitt første møte i Samferdselsdepartementet i dag.
- Ei av problemstillingane me ynskjer de skal sjå på er kor kontroversielt det er at eitt og same organ både fastset og følgjer opp sentralt regelverk. Dette kan i prinsippet vere uheldig. Det me ikkje veit, er kva som er dei praktiske konsekvensane av dette, og kva som vil vere konsekvensane av ei eventuell endring. Dette sa samferdselsminister Liv Signe Navarsete da det regjeringsoppnemde utvalet for utgreiing av vegtilsyn hadde sitt første møte i Samferdselsdepartementet i dag.
Tidlegare stortingsrepresentant Jorunn Ringstad er leiar av utvalet, som skal utgreie om det behov for å opprette eit sjølvstendig tilsyn for veginfrastrukturen.
Utvalet skal ta for seg tilsynsoppgåver som er knytte til tryggleik på vegnettet. Arbeidet til utvalet bør avgrensast til utbygging, drift og vedlikehald av infrastrukturen, det vil seie vegsystemet, medrekna bruer og tunnelar.
Utvalet skal såleis ikkje ta for seg tilsynsoppgåver som omfattar trafikantar og køyretøy, det vil seie tilsynsoppgåver som i dag er lagde til mellom anna trafikkstasjonane til Statens vegvesen, går det fram av mandatet for utvalet.
Utvalet skal innan utgangen av 2008 leggje fram innstillinga si, i form av ei offentleg utgreiing.