Regjeringa skal vurdera framlegg frå luftfartsnæringa
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Nyheit | Dato: 20.04.2010
Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa har i dag hatt møte med representantar frå luftfartsnæringa om situasjon etter vulkanutbrotet på Island. Representantane teikna eit alvorleg og uvisst bilete av tilhøva for luftfartsbransjen, men lanserte samstundes fleire framlegg som kan bidra til å letta situasjonen.

Eit forslag frå næringa er fritak for luftfartsavgifter på kort sikt. Vidare er ei kontaktgruppe mellom aktørane og Samferdselsdepartementet no oppretta for å drøfta meir langsiktige tiltak.
- Eg forstår at situasjonen er krevjande og at fleire aktørar innan næringa opplever store tap. Eg tek med meg denne bodskapen frå næringa attende til regjeringa, seier samferdselsminister Meltveit Kleppa.
Representantar frå NHO, NHO Luftfart, SAS, Norwegian og Widerøe’s Flyveselskap A/S var til stades på møtet med samferdselsministeren.