Historisk arkiv

Samferdselsministeren og arbeidsministeren i samarbeid for arbeid

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa og arbeidsminister Hanne Bjurstrøm var denne veka i Rogaland for å snakke om samarbeid for arbeid.

Samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa og arbeidsminister Hanne Bjurstrøm var denne veka i Rogaland for å snakke om samarbeid for arbeid.

Samarbeid for alle handlar om at vi skal leve av arbeidet og kunnskapen til kvarandre i framtida. Statsminister Jens Stoltenberg nemnte dette poenget spesielt i siste nyttårstalen sin, og i tida etterpå har regjeringa invitert til ein brei samfunnsdebatt om desse spørsmåla. Det er i lys av denne satsinga samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa og arbeidsminister Hanne Bjurstrøm vitja Rogaland.

Under besøket på Vestlandet fekk dei to statsrådane ei grundig innføring i arbeidet til Hovudredningssentralen på Sola, status for ordrereservane til dei største vegentreprenørane i fylket og orientering om nye forskingsstudiar som gjeld sjukefråver. Dagen vart avslutta hos Kverneland Group, som er verdas største produsent av plogar til landbruket.

Samarbeid for arbeid - nettsider

Bildetekst: Arbeidsminister Hanne Bjurstrøm og samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa var imponert over det dei fekk sjå i fabrikkhallen til Kverneland Group i Rogaland. Mobilfoto: AID.