Samferdselsministeren til Sogn og Fjordane
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Nyheit | Dato: 25.11.2010
Saman med kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete skal samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa 26. november markera at bommen i Fjærland skal vekk og at veganlegget er nedbetalt.
Saman med kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete skal samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa 26. november markera at bommen i Fjærland skal vekk og at veganlegget er nedbetalt.
- Eg gledar meg til å vitja Fjærland og Sogndal i morgon! Det er flott å vera med på å markera at bommen i Fjærland skal vekk og at veganlegget er nedbetalt! Sogndal og Sogn og Fjordane var tidleg ute med bompengar. Dei såg at ein på den måten kunne få realisert fleire vegprosjekt. Seinare vart dei eit føredøme for mange andre store felles dugnader landet over. Slik har dei medverka til at ikkje berre Sogndal og Skei, men også landet vårt, veg for veg og tunnel for tunnel, vert bunde betre saman, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.