Historisk arkiv

Auka avisporto: Meir pressestøtte i 2006

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

- Regjeringa vil for 2006 auke pressestøtta til dei avisene som vert hardast råka av portoauken som Posten Norge AS har vedteke frå 1. januar neste år. Dette opplyser samferdselsminister Liv Signe Navarsete og kultur- og kyrkjeminister Trond Giske. (22.12.05)

Pressemelding

Nr.: 152/05
Dato: 22.12.05

Auka avisporto: Meir pressestøtte i 2006

- Regjeringa vil for 2006 auke pressestøtta til dei avisene som vert hardast råka av portoauken som Posten Norge AS har vedteke frå 1. januar neste år. Regjeringa vil i samband med framlegg til revidert nasjonalbudsjett for 2006 kome tilbake til utforminga av auken i pressestøtta.

- Posten Norge har dessutan varsla at ein vil sjå positivt på eventuell betalingsutsetjing fram mot revidert budsjett for dei avisene som får betalingsproblem som følgje av portoauken.

Dette opplyser samferdselsminister Liv Signe Navarsete og kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.

Posten Norge har sidan 2003 gradvis lagt om frå innhaldsbasert porto, som gav rimelegare porto for aviser og blad, til kostnadsbasert porto. Dette er gjort for å etterkome reglar i EØS-avtalen.

Samferdselsdepartementet tar sikte på å tildele Posten Norge ny konsesjon i 2006. Ved revisjon av konsesjonen vil Samferdselsdepartementet, innanfor bindingar som følgjer av internasjonalt regelverk, vurdere endringar i rammevilkåra, med sikte på å ivareta situasjonen for aviser og blad på ein best mogleg måte.

Kontaktpersonar:

Informasjonsrådgjevar Liv Dalen Tennøe, Samferdselsdepartementet, tlf: 22 24 83 16

Ekspedisjonssjef Roy Kristiansen, Kultur- og kyrkjedepartementet, tlf: 22 24 80 04