Historisk arkiv

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete om: Skifte av leiing i Avinor AS

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

- Omstillingane i Avinor har vore store og krevjande. Eg tar til etterretning at styret i Avinor og administrerande direktør Randi Flesland no har kome fram til at ro i selskapet best kan sikrast ved å sleppe nye krefter til i leiinga av selskapet, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete. (14.12.05)

Pressemelding

Nr.: 148/05
Dato: 14.12.05

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete om: Skifte av leiing i Avinor AS

- Omstillingane i Avinor har vore store og krevjande. Viktige effektiviseringstiltak er gjennomførte og har gitt gode resultat. Samtidig har flytrafikken den siste tida vore mindre punktleg enn ønskjeleg, og det har vore interne interessekonfliktar i selskapet. Eg tar til etterretning at styret i Avinor og administrerande direktør Randi Flesland no har kome fram til at ro i selskapet best kan sikrast ved å sleppe nye krefter til i leiinga av selskapet.

Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i ein kommentar i samband med styremøtet i Avinor AS i dag.

- Randi Flesland har vore ein dyktig, lojal og profesjonell leiar for Avinor i ein krevjande omstillingsperiode. Eg har respekt for avgjerda til Flesland om å gå frå stillinga med sikte på ei riktig utvikling for selskapet i tida framover, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete og styreleiar i Avinor, Anders Talleraas har hatt ein løpande dialog i denne saka, og styreleiaren orienterte i dag samferdselsministeren om endringane i leiinga i selskapet.