Historisk arkiv

800 millionar kroner gjev 1500 kilometer meter asfalt i 2007

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Løyvinga til asfaltlegging på riksvegnettet aukar neste år med om lag 200 millionar kroner, til 800 millionar kroner. (06.10.06)

Pressemelding

Nr.: 93/06
Dato: 06.10.06

800 millionar kroner gjev 1500 kilometer meter asfalt i 2007

Løyvinga til asfaltlegging på riksvegnettet aukar neste år med om lag 200 millionar kroner, til 800 millionar kroner.

- Med ei slik løyving kan Statens vegvesen leggje asfalt på om lag 1 500 kilometer veg i 2007. Dette vil vere med på å snu den uønskte utviklinga med aukande etterslep i vedlikehaldet på vegnettet, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Forslaget frå regjeringa til løyving til vegføremål i 2007 er på totalt 14,85 milliardar kroner, 1,2 milliardar kroner meir enn saldert budsjett for 2006.

- Innanfor den sterke veksten i vegbudsjettet prioriterer regjeringa meir til vedlikehald, seier samferdselsministeren.

Kilometer med asfaltlegging (om lag) på riksvegnettet i 2007 - fylkesvis fordeling:

Østfold

50

Vest-Agder

40

Oslo/Akershus

70

Rogaland

90

Hedemark

100

Hordaland

90

Oppland

120

Sogn og Fjordane

90

Buskerud

80

Møre og Romsdal

120

Vestfold

45

Sør-Trøndelag

120

Telemark

110

Nord-Trøndelag

90

Aust-Agder

40

Nordland, Troms, Finnmark

245

Totalt (om lag)

1500