Historisk arkiv

Avinor AS: Evaluering av organisasjonsform i ny rapport

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Verksemda til Avinor AS bør organiserast på ein måte som best mogleg gir sikker, punktleg og effektiv luftfart, med eit godt tilbod til folk og næringsliv over heile landet, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete. (24.05.06)

Pressemelding

Nr.: 39/06
Dato: 24.05.06

Avinor AS:

Evaluering av organisasjonsform i ny rapport

- Verksemda til Avinor AS bør organiserast på ein måte som best mogleg gir sikker, punktleg og effektiv luftfart, med eit godt tilbod til folk og næringsliv over heile landet.

Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at Samferdselsdepartementet i dag har mottatt rapporten ”Evaluering av Avinor AS' organisasjon”. Rapporten er utarbeidd av Booz Allen Hamilton, på oppdrag frå Samferdselsdepartementet.

- Eg vil no gå nøye gjennom rapporten, og leggje til rette for ei open dialog mellom organisasjonar og styresmakter om innhaldet. Rapporten og dei ulike synspunkta som kjem fram, vil vere ein del av grunnlaget for arbeidet i Samferdselsdepartementet med ei vurdering av organiseringa av verksemda til Avinor AS. Resultatet frå dette arbeidet vil bli tatt inn i ei stortingsmelding om verksemda til Avinor AS. Denne stortingsmeldinga skal leggjast fram i haust, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Til redaksjonen

Rapporten ”Evaluering av Avinor AS' organisasjon” – pdf (1,20 MB)

Vedlegg til rapporten- pdf (1,81 MB)