Historisk arkiv

Ekstraordinær generalforsamling i Avinor AS: Inge K. Hansen- ny styreleiar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Konsernsjef Inge K. Hansen, Oslo, er ved ekstraordinær generalforsamling i dag vald til ny leiar av styret for Avinor AS, med verknad frå 22. mai 2006. Anders Talleraas har, med verknad frå i dag, gått ut av styret. (22.05.06)

Pressemelding

Nr.: 36/06
Dato: 22.05.06

Ekstraordinær generalforsamling i Avinor AS: Inge K. Hansen- ny styreleiar

Konsernsjef Inge K. Hansen, Oslo, er ved ekstraordinær generalforsamling i dag vald til ny leiar av styret for Avinor AS, med verknad frå 22. mai 2006. Anders Talleraas har, med verknad frå i dag, gått ut av styret.

- Det no er brot i forhandlingane om avtale om løn- og arbeidsvilkår for ein del grupper av tilsette i Avinor. Dette dreier seg om løns- og arbeidsvilkår i tida framover. Sidan det ikkje er aktuelt for Anders Talleraas å halde fram som styreleiar etter den perioden som varer fram til ordinær generalforsamling den 12. juni i år, bør ein ny styreleiar overta alt no, seier samferdselsminister Liv Signe Navaresete.

- Den nye leiaren kan dermed vere med på å få fram løysingar som vil vere viktig for selskapet og dei tilsette i tida framover. Eg meiner altså at ny styreleiar alt no bør trekkjast fullt med, slik at han på vegne av selskapet kan delta i sluttføring av avtalar, som han så skal vere med på å setje i verk og gjennomføre i tida framover, seier samferdselsministeren.

Etter den ekstraordinære generalforsamlinga i dag er desse medlemmer i styret for Avinor AS:

Inge K. Hansen, konsernsjef Aker Kværner ASA, leiar

Bård Martin Mikkelsen, konsernsjef i Statskraft, nestleiar

Grete Willumsen, direktør Personal- og kompetanseutvikling i Petoro

Atle Hamar, direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet

Kristin Vangdal, marknadsansvarleg i Sparebanken Nord-Norge

Helge Løbergsli, representant for dei tilsette

Bjørn Tore Mikkelsen, representant for dei tilsette

Magne Jerpstad, representant for dei tilsette

Avinor er eit fullt ut statleg aksjeselskap. Samferdselsdepapartementet forvaltar dei statlege eigarinteressene i selskapet, og samferdselsministeren er generalforsamling for selskapet.