Historisk arkiv

Lettare å velje miljøvennleg bil

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet sender no på høyring ein rapport frå Vegdirektoratet med forslag om ei ny ordning med miljøklassifisering av bilar. Den nye ordninga kan etter kvart gjere det enklare for forbrukarane å velje meir miljøvennlege bilar. (24.07.06)

Pressemelding

Nr.: 62/06
Dato: 24.07.06

Lettare å velje miljøvennleg bil

Samferdselsdepartementet sender no på høyring ein rapport frå Vegdirektoratet med forslag om ei ny ordning med miljøklassifisering av bilar. Den nye ordninga kan etter kvart gjere det enklare for forbrukarane å velje meir miljøvennlege bilar.

- Det er viktig å få både privatpersonar og bedrifter til å velje dei mest miljøvennlege bilane. Difor håper eg vi får ein god høyringsrunde, slik at vi får utarbeidd konkrete forslag for å følgje opp måla i Soria-Moriaerklæringa om å fremje bruk av miljøvennlege køyretøy, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Rapporten ”Kriterier for miljøklassifisering av lette kjøretøy” legg til grunn at ein ikkje skal favorisere visse teknologiar eller drivstoff. Det inneber at alle bilar som har vesentlig lågare utslepp enn gjeldande avgasskrav for nye bilar, skal klassifiserast som miljøvennlege. Det er og eit krav i den nye ordninga at miljøkrava ikkje skal gå utover omsynet til trafikktryggleik. Rapporten kjem og med meir detaljerte forslag om kva for miljøkriterium som skal gjelde når køyretøya vert typegodkjente hos Statens vegvesen.

Vegdirektoratet har, på oppdrag frå Samferdselsdepartementet, utarbeidd rapporten ”Kriterier for miljøklassifisering av lette kjøretøy”. Rapporten er på høyring fram til 30. oktober i år, og kan lastast ned frå nettsidene til Samferdselsdepartementet.

Til redaksjonen:

For fleire opplysningar – sjå:

Rapporten ”Kriterier for miljøklassifisering av lette kjøretøy” (Statens vegvesen Vegdirektoratet, mai 2006)

Høyringsbrev av 19. juli 2006 frå Samferdselsdepartementet