Historisk arkiv

Nasjonal handlingsplan for trafikktryggleik på veg 2006-2009

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

- Trafikkulykker er eit stort samfunnsproblem. For at vi skal nå målet i nullvisjonen er det viktig at ei rekkje aktørar tek del i dette viktige arbeidet. Eg er difor glad for at helsestyresmaktene no har vore med på å lage planen, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete. (27.02.06)

Pressemelding

Nr.: 15/06
Dato: 27.02.06

Nasjonal handlingsplan for trafikktryggleik på veg 2006-2009

- Trafikkulykker er eit stort samfunnsproblem. For at vi skal nå målet i nullvisjonen er det viktig at ei rekkje aktørar tek del i dette viktige arbeidet. Eg er difor glad for at helsestyresmaktene no har vore med på å lage planen.

Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i ein kommentar til at Vegdirektoratet, Politidirektoratet, Sosial- og helsedirektoratet og Trygg Trafikk i dag har lagt fram Nasjonal handlingsplan for trafikktryggleik på veg 2006-2009.

Ei slik samordning av trafikktryggleiksarbeidet er eineståande i internasjonal samanheng. - Handlingsplanen er eit godt grunnlag for ei målretta og sterk satsing for å oppnå reduksjon i talet omkomne og hardt skadde i vegtrafikken. Betre etterleving av fartsgrenser og reduksjon i dei alvorlegaste brota på trafikkreglane, er to av fleire viktige tiltak i planen, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Handlingsplanen er utarbeidd på oppdrag frå Samferdselsdepartementet og har som formål å vise kva utfordringar vi står overfor i trafikktryggleiksarbeid og kva tiltak som er aktuelle. I tillegg viser den arbeids- og ansvarsdeling mellom dei ulike aktørane. Den byggjer på Nasjonal transportplan 2006-2015 og Statens vegvesen sitt handlingsprogram 2006-2009, Strategiplan for politiet si trafikkteneste 2004-2007 og Trygg Trafikk sin Strategi- og handlingsplan 2005-2008.

Til redaksjonen:

For meir informasjon - sjå:

Lenke til Vegdirektoratets pressemelding

Lenke til handlingsplanen