Historisk arkiv

NRK "Alltid"-kanalar får forlengd frekvensløyve

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet har i dag vedtatt at NRK skal få nytte frekvensressursar i FM-bandet til sine radiosendingar ”NRK Alltid Nyheter”, ”NRK Alltid Klassisk” og ”NRK mPetre” ut 2007. (13.10.06)

Pressemelding

Nr.: 98/06
Dato: 13.10.06

NRK ”Alltid”-kanalar får forlengd frekvensløyve

Samferdselsdepartementet har i dag vedtatt at NRK skal få nytte frekvensressursar i FM-bandet til sine radiosendingar ”NRK Alltid Nyheter”, ”NRK Alltid Klassisk” og ”NRK mPetre” ut 2007.

I samband med at NRK har avvikla sendinga ”NRK Alltid Stortinget” har Samferdselsdepartementet avgjort at dei ledige ressursane skal øyremerkast til bruk for lokalradio. Desse frekvensressursane vil bli utlyste i samband med ny lokalradiokonsesjonsperiode som skal gjelde frå 1. januar 2008.

NRK har konsesjon på frekvensressursane i FM-bandet fram til 1. november 2006. Selskapet har søkt om ei forlenging av konsesjonsperioden, i første omgang ut 2007. NRK driv utvikling av digital radio, såkalla DAB, og dei analoge sendingane i FM-bandet kan etter kvart bli fasa ut. I overskueleg framtid vil det likevel bli distribusjon både av analoge og digitale radiosendingar.

Til redaksjonen:

Brev 13.10.06 frå Samferdselsdepartementet til NRK

Brev 13.10.06 frå Samferdselsdepartementet til Norsk Lokalradioforbund