Nytt løyve for tredje generasjons mobilnett
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Dato: 05.07.2006 | Sist oppdatert: 05.10.2006
Samferdselsdepartementet kunngjer no eit nytt løyve for etablering og drift av eit nytt nett for tredje generasjons offentleg mobilkommunikasjon (3G). - Eg er glad for å leggje forholda til rette for etablering av eit nytt mobilnett og betre infrastruktur, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.
Pressemelding
Nr.: 60/06
Dato: 05.07.06
Nytt løyve for tredje generasjons mobilnett
Samferdselsdepartementet kunngjer no eit nytt løyve for etablering og drift av eit nytt nett for tredje generasjons offentleg mobilkommunikasjon (3G).
- Eg er glad for å leggje forholda til rette for etablering av eit nytt mobilnett og betre infrastruktur. Fleire tilbydarar i mobilmarknaden kan gje oss betre og billegare tenester og eventuelt betre mobildekning i større delar av landet, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.
Det er seks år sidan løyvet vart lyst ut for første gong. Det er i dag berre to mobiltilbydarar som tilbyr 3G-tjenestar i Noreg, Telenor og NetCom. Hi3G Access Norway AS vart i 2003 tildelt 3G-tillatelse, og har krav om å bygge ut sitt 3G-nett etter konsesjonens dekningskrav innan 19. september 2009. Den fjerde 3G-tillatelsen har vore ledig sidan 2002.
Desse prinsippa gjeld for dei som vil konkurrere om å få drive 3G:
o Det må vere 30 % dekning der folk bur, seks år etter konsesjonstildelinga
o Den ledige konsesjonen lysast ut etter auksjonsprinsippet
o Det vert ikkje sett noko krav om minstevederlag for å ta del auksjonen
o Det vert stilt minimumskrav til kompetanse og kapital for å ta del i auksjonen.
Alle som ynskjar å konkurrere om dei ledige frekvensane, må sende inn søknad til Samferdselsdepartementet innan 22. august 2006.