Revidert budsjett 2006: 40 millionar kroner - til fem rassikringsprosjekt
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Dato: 12.05.2006 | Sist oppdatert: 05.10.2006
- Regjeringa gjer framlegg om ei tilleggsløyving på 40 millionar kroner til rassikring på vegnettet, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete. (12.05.06)
Pressemelding
Nr.: 32/06
Dato: 12.05.06
Revidert budsjett 2006:
40 millionar kroner – til fem rassikringsprosjekt
- Regjeringa gjer framlegg om ei tilleggsløyving på 40 millionar kroner til rassikring på vegnettet. Dette beløpet kjem i tillegg til auken på 50 millionar kroner som vart vedteken av Stortinget i desember i fjor, etter framlegg frå Stoltenberg-regjeringa, opplyser samferdselsminister Liv Signe Navarsete.
Tilleggsløvinga på 40 millionar kroner over 2006-budsjettet skal fordelast slik:
- 10 millionar kroner til riksveg 43 Aunevik – Bukkesteinen i Vest-Agder
- 10 millionar kroner til riksveg 55 Stedjeberget i Sogn og Fjordane
- 10 millionar kroner til riksveg 62 Fresvika – Jordalsgrenda i Møre og Romsdal
- 5 millionar kroner til E10 Fjøsdalen i Nordland
- 5 millionar kroner til riksveg 91 Ura i Troms