Historisk arkiv

Riksvegferjene: Større rabatt for køyretøy - frå 1. mai

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Folk og næringsliv som jamleg er avhengig av ferjetransport har ekstra kostnader, samanlikna med trafikantar på andre delar av vegnettet. Det er difor viktig å få redusert kostnadene for dei som ofte nyttar ferjetransport, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete. (25.04.06)

Pressemelding

Nr.: 23/06
Dato: 25.04.06

Riksvegferjene: Større rabatt for køyretøy - frå 1. mai

- Folk og næringsliv som jamleg er avhengig av ferjetransport har ekstra kostnader, samanlikna med trafikantar på andre delar av vegnettet. Det er difor viktig å få redusert kostnadene for dei som ofte nyttar ferjetransport.

Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete, i samband med at det med verknad frå 1. mai i år blir auke i rabattsatsen for alle typar av køyretøy på alle ferjesamband på riksvegnettet i Noreg.

Auken i rabattsatsen er ei oppfølging av Soria Moria - erklæringa, som slår fast at Regjeringa vil betre rabattordningane på riksvegferjene.

Rabattsatsen skal aukast med 5 prosentpoeng, frå 40 til 45 prosent, for køyretøy med sonekort eller verdikort for elektronisk billettering.

- I vårt forslag til budsjett for 2006 auka Regjeringa løyvinga til statleg kjøp av riksvegferjetenester med 28 millionar kroner. Gjennom å vedta dette forslaget medverka Stortinget til å redusere avstandskostnader for næringsliv og fastbuande langs kysten, seier samferdselsministeren.

Til redaksjonen

Som vedlegg følgjer ei oversikt som er utarbeidd av Vegdirektoratet. Oversikta tar for seg ein del ferjesamband innanfor dei tre regionane ”Midt”, ”Vest” og Nord”, og gir opplysning om: Faktiske kostnader per reise for pendlartrafikk med personbil og for tyngre køyretøy etter innføring av auka rabattsats, samanlikna med kostnader ved gjeldande rabattsats og ved kjøp av enkeltbillett.

For nærmare opplysninger om andre riksvegsamband – ta kontakt med ferjeselskapa.

Oversikt over faktiske kostnader per reise etter auka rabattsats