Historisk arkiv

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete: Gassdrift i ferjesambanda Flakk - Rørvik og Halhjem - Våge

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Ferjene som trafikkerer riksvegsambanda Flakk - Rørvik i Sør-Trøndelag og Halhjem – Våge i Hordaland, skal bruke gass som drivstoff. (20.10.06)

Pressemelding

Nr.:103/06
Dato: 20.10.06

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete: Gassdrift i ferjesambanda Flakk – Rørvik og Halhjem - Våge

- Ferjene som trafikkerer riksvegsambanda Flakk – Rørvik i Sør-Trøndelag og Halhjem – Våge i Hordaland, skal bruke gass som drivstoff. Eit slikt krav om bruk av gass som drivstoff vil vere eit av vilkåra ved dei anbodskonkurransane som Statens vegvesen skal utlyse for ferjedrifta på desse strekningane, opplyser samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

- Bruk av gass er ei miljøvennleg og framtidsretta løysing. NOx-utsleppa frå ei gassdriven ferje er berre 10 prosent av utsleppa som kjem frå ei tilsvarande dieseldriven ferje. Overgang til bruk av gassferjer er dermed med på å redusere utsleppa av NOx. Bruk av gassferjer har dessutan andre miljøgevinstar, ved at CO2-utsleppa er 25 prosent lågare enn utslepp frå ei dieseldriven ferje. Det høyrer også med i biletet at overgang til bruk av gassferjer legg til rette for utvikling av norsk kompetanse og teknologi på eit område med spennande utfordringar, både nasjonalt og internasjonalt, seier samferdselsministeren.

Til redaksjonen

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete er tilgjengeleg for intervju og kommentar – ta kontakt via informasjonssjef Ivar Torvik, 22 24 81 08 eller 90 51 08 86