Samferdselsminister Liv Signe Navarsete: Gratis ferjetransport- skal utgreiast
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Dato: 04.04.2006 | Sist oppdatert: 05.10.2006
Kva for følgjer vil ei ordning med gratis ferjetransport få for folk og næringsliv og for utvikling av bu- og arbeidsmarknadsområde? Kva blir dei administrative og økonomiske konsekvensane for staten og for fylkeskommunane?
Pressemelding
Nr.: 20/06
Dato: 04.04.06
Samferdselsminister Liv Signe Navarsete: Gratis ferjetransport – skal utgreiast
Kva for følgjer vil ei ordning med gratis ferjetransport få for folk og næringsliv og for utvikling av bu- og arbeidsmarknadsområde? Kva blir dei administrative og økonomiske konsekvensane for staten og for fylkeskommunane? Korleis bør ein gjennomføre eventuelle forsøk med gratis ferjetransport på vegnettet?
- Dette er nokre spørsmål som skal vurderast nærmare i ei utgreiing som skal gjennomførast på oppdrag frå Samferdselsdepartementet. Utgreiingsoppdraget er nyleg kunngjort, med sikte på at utgreiinga skal vere ferdig innan 15. desember i år, opplyser samferdselsminister Liv Signe Navarsete.
- Ferjesambanda på riks- og fylkesvegnettet er viktige for å sikre busetting og næringsliv langs kysten. Regjeringa går difor inn for å redusere kostnadene for dei som reiser med ferjer. Å gjere visse samband gratis for alle reisande, er tiltak som og bør vurderast. Den utgreiinga som no skal gjennomførast vil vere ein del av grunnlaget for Samferdselsdepartementet sitt arbeid for utvikle og forbetre transporttilbodet i kystområda, seier samferdselsministeren.
Til redaksjonen
For fleire opplysningar om utgreiing om gratis
ferjer – sjå "
Nasjonal kunngjering av konkurranse” om
oppdrag.