Historisk arkiv

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete om: Flyulykke på Stord 10. oktober

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Våre tankar og medkjensle går no til dei som har mista sine kjære og til dei skadde og alle pårørande. Alt som er mogleg, vil bli gjort for å minske skadeomfang og gje omsorg og pleie til dei som er skadde, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete. (10.10.06)

Pressemelding

Nr.: 95/06
Dato: 10.10.06

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete om: Flyulykke på Stord 10. oktober

- Våre tankar og medkjensle går no til dei som har mista sine kjære og til dei skadde og alle pårørande. Alt som er mogleg, vil bli gjort for å minske skadeomfang og gje omsorg og pleie til dei som er skadde.

Eg kan ikkje uttale meg om årsaka til ulykka, men legg til grunn at alt som er mogleg vert gjort for å undersøkje kva som har skjedd, og for å hindre at liknande ulykker kan skje i framtida, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Havarikommisjonen for transport (SHT) er på veg til ulykkestaden, og vil ta til med undersøkingar.