Samferdsminister Liv Signe Navarsete: Busstransport meir tilgjengeleg - for alle!
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Dato: 01.06.2006 | Sist oppdatert: 05.10.2006
- Tilbodet om busstransport må gjerast enda betre tilgjengeleg for alle grupper av reisande, opplyser samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med rådsmøte for Statens råd for funksjonshemma i Balestrand i dag. (01.06.06)
Pressemelding
Nr.: 42/06
Dato: 01.06.06
Samferdsminister Liv Signe Navarsete: Busstransport meir tilgjengeleg - for alle!
- Tilbodet om busstransport må gjerast enda betre tilgjengeleg for alle grupper av reisande. Samferdselsdepartementet er difor no i gang med å kartleggje kva for tekniske krav som bør fastsetjast for ekspressbussar og såkalla forstadbussar, i dei tilfella det er nødvendig med tekniske tilpassingar for å gjere bussane betre tilgjengeleg.
Dette opplyser samferdselsminister Liv Signe Navarsete, i samband med rådsmøte for Statens råd for funksjonshemma i Balestrand i dag.
Samferdselsdepartementet har tidlegare i år presisert overfor fylkeskommunane og busselskapa at dei skal følgje opp kravet om at ekspressbusstilbodet skal vere tilgjengeleg også for personar med nedsett funksjonsevne.
- Dette skal gjerast ved å tilpasse bussmateriellet eller ved å ha eit tenesteopplegg som gjer at alle grupper av reisande kan bruke bussen, seier samferdselsministeren.
Til redaksjonen
Samferdselsminister Liv Signe Navarsete kan kontaktast via informasjonskonsulent Trude Borge Iversen på telefon 22 24 81 96.
For fleire opplysningar – sjå:
Brev av 22. mai 2006 frå Samferdselsdepartementet til Norges Handikapforbund