Historisk arkiv

Sikring av barn i buss: Nye regler fra 1.januar 2008

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet innfører krav til at godkjent sikringsutstyr for born under tre år skal finnast i busser. Alle bussar, utanom bybussar skal ha minst to sitjeplassar som har godkjend sikringsutstyr (barnesete) for born som er yngre enn tre år. Dersom det er fleire born på bussen, skal bilbelte nyttast. (28.04.06)

Pressemelding

Nr.: 24/06
Dato: 28.04.06

Sikring av barn i buss: Nye regler fra 1.januar 2008

Samferdselsdepartementet innfører krav til at godkjent sikringsutstyr for born under tre år skal finnast i busser. Alle bussar, utanom bybussar skal ha minst to sitjeplassar som har godkjent sikringsutstyr (barnesete) for born som er yngre enn tre år. Dersom det er fleire born på bussen, skal bilbelte nyttast.

Dette går fram av forskriftsendringar som Samferdselsdepartementet har fastsett.

Endringane skal setjast i verk frå 1. januar 2008.

- Dette er eit stort framsteg for trafikktryggleiken for små born. Eg reknar med at bussnæringa no vil førebu seg på dei nye krava, og sørge for at riktig utstyr kjem på plass, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Til redaksjonen:
For mer informasjon sjå:

Forskrift 27.april 2006 om endring i forskrift 21.septamber 1979 nr. 7 om bruk av personlig verneutstyr under kjøring med motorvogn

Forskrift 27.april 2006 om endring i forskrift 4. oktober 1994 nr. 918 om tekniske krav og godkjenning av kjøretøy, deler og utstyr (kjøretøyforskriften)