Historisk arkiv

Styrking av rettane til flypassasjerar — ny klagenemnd

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

For å styrkje rettane til flypassasjerane skal det opprettast ei eiga klagenemnd som skal behandle tvistar mellom flypassasjerar og flyselskap. Alle flyselskap som tilbyr sine tenester i Noreg må delta i ordninga. (24.11.06)

Pressemelding

Nr.: 111/06
Dato: 24.11.06

Styrking av rettane til flypassasjerar – ny klagenemnd

For å styrkje rettane til flypassasjerane skal det opprettast ei eiga klagenemnd som skal behandle tvistar mellom flypassasjerar og flyselskap. Alle flyselskap som tilbyr sine tenester i Noreg må delta i ordninga. Passasjerane vert dermed sikra like rettar same kva for selskap dei flyr med og flyselskapa får like konkurransevilkår seg i mellom.

Dette går fram av eit forslag om endringar i luftfartslova som blei lagt fram i statsråd i dag. Den nye klagenemnda skal ha fullmakt til å ta stilling til alle typar tvistar som spring ut av avtaler passasjerane inngår med flyselskapa.

- Eg er opptatt av at rettane til passasjerane skal styrkjast. Det er viktig at forbrukarane får vite om kva for rettar dei har som flypassasjerar og at flyselskapa òg faktisk gjer kundane sine kjent med desse rettane, seier samferdselsminister Liv Sign Navarsete.

Regjeringa foreslår vidare at Luftfartstilsynet skal ha det generelle ansvaret for å føre tilsyn med passasjerrettane innan luftfarten. Dette gjeld alle passasjerar, anten dei er forbrukarar, forretningsreisande eller tilhøyrer ei eiga gruppe som til dømes personar under sjuketransport.

Luftfartstilsynet skal òg kunne påleggje flyselskap å betale gebyr når dei ikkje følg opp passasjerane sine rettar ved til dømes forseinkingar. Gebyra skal vere så høge at flyselskapa tapar pengar på å ikkje syta for at passasjerane får det dei har krav på frå flyselskapa.

Forslaget til endring i luftfartslova inneheld elles reglar om tilsyn med nye avgiftsreglar. Dette forslaget har bakgrunn i at det i EU vert arbeida med å innføre felles reglar for det europeisk luftrom (Single European Sky). Desse reglane skal Noreg slutte seg til gjennom EØS-avtalen. EU er i ferd med å utarbeide reglar som set krav til at det blir ført nasjonalt tilsyn med at leverandørar av tenestar innan til dømes flysikring oppgjer korrekte kostnadar som grunnlag for sine avgifter. Brukarane av tenester innan flysikring skal ha rett til å få innsyn i kva for kostnader deira bruk av tenestene medførar.

For meir informasjon, sjå:

Ot.prp. nr. 9 (2006-2007) Om lov om endringar i lov 11. juni 1993 nr. 101 om luftfart (luftfartsloven) – nye regler om håndhevelse av passasjerrettigheter og om beregning og tilsyn med luftfartsavgifter