Historisk arkiv

Tromsøpakke 2: Utviding av ordninga med innkrevjing av lokal drivstoffavgift

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Regjeringa ønskjer å utvide ordninga med lokal drivstoffavgift i Tromsø, for å dekkje delar av finansieringa av prosjekta som inngår i Tromsøpakke 2, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete. (15.12.06)

Pressemelding

Nr.: 123/06
Dato: 15.12.06

Tromsøpakke 2: Utviding av ordninga med innkrevjing av lokal drivstoffavgift

- Regjeringa ønskjer å utvide ordninga med lokal drivstoffavgift i Tromsø, for å dekkje delar av finansieringa av prosjekta som inngår i Tromsøpakke 2. Med dette sikrar ein betre framkomst, tryggare trafikk, betre miljø og betre forhold for gåande og syklistar i Tromsø.

Ordninga skal no utvidast med fire år, til 31. juli 2012. Regjeringa følgjer med dette opp lokale ønske og vedtak.

Framlegget frå regjeringa gjer at Langnestunnelen og andre priorterte tiltak no er sikra finansiering og kan gjennomførast, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Til redaksjonen:

For fleire opplysningar, sjå St.prp. nr. 33 (2006-2007) Tromsøpakke 2