Historisk arkiv

Utbetring av Haukelitunnelane på E 134 skal lysast ut på nytt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

– Regjeringa er oppteken av at vegmidlane skal nyttast mest mogleg effektivt, og i tråd med vedtekne mål. Statens vegvesen skal difor føreta ein ny gjennomgang for å finne innsparingspotensial, og tilpasse prosjektet til Stortingets vedtak, utan at det går utover hovudmåla for prosjektet, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete. (11.09.06)

Pressemelding

Nr.: 75/06
Dato: 11.09.06

Utbetring av Haukelitunnelane på E134 skal lysast ut på nytt

Samferdselsdepartementet har bede Vegdirektoratet om å gå gjennom prosjektet som gjeld utbetring av E134 Haukelitunnelane slik at frihøgda i alle tunnelane vert 4,2 meter. – Regjeringa er oppteken av at vegmidlane skal nyttast mest mogleg effektivt, og i tråd med vedtekne mål. Statens vegvesen skal difor føreta ein ny gjennomgang for å finne innsparingspotensial, og tilpasse prosjektet til Stortingets vedtak, utan at det går utover hovudmåla for prosjektet, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Oppdraget vart lyst ut tidligare i år, men det viste seg at både kostnadene og omfanget av arbeidet vart større enn ein hadde rekna med. Samferdselsdepartementet har difor bede Vegdirektoratet om å gå gjennom prosjektet på nytt. Ny tilbodskonkurranse vil så bli lyst ut. Ein tek sikte på at arbeidet kan ta til i 2007, og at det kan fullførast i 2008. Vegdirektoratet skal gjere ei vurdering av moglege mellombelse løysingar som sikrar at trafikken kjem raskt og trygt fram. Samferdselsdepartementet kjem attende med saka til Stortinget på eigna måte, etter gjennomgangen av prosjektet.