Revidert nasjonalbudsjett 2007:
7 millionar kroner i tilskott til Stord lufthamn
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 41/07 | Dato: 15.05.2007
Regjeringa foreslår å løyve sju millionar kroner til bygging av ny brannstasjon ved Stord lufthamn i Hordaland. Dette går fram av forslag til tilleggsløyvingar i statsbudsjettet for 2007, som blei lagd fram i statsråd i dag.

Nedgang i trafikken og nye krav til tryggleik har gitt lufthamna på Stord ein vanskeleg økonomisk situasjon. For å oppfylle pålagde krav om tryggleik, må ny brannstasjon vere på plass på lufthamna innan 1. september i år.
Regjeringa ønskjer å bidra til å sikre vidare drift på Stord lufthamn og foreslår ei eingongsløyving på sju millionar kroner. Løyvinga er eit bidrag til eit økonomisk spleiselag der òg lokale aktørar er med.
For fleire opplysingar, sjå:
St.prp. nr. 69 (2006-2007) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2007