Historisk arkiv

Generalforsamling i Avinor AS: Dag Helge Hårstad nytt styremedlem

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Administrerande direktør Dag Helge Hårstad er ved generalforsamlinga i dag vald til nytt styremedlem i Avinor AS, for ein periode på to år.

Styremedlem Kristin Vangdal er gjenvald for to nye år. Vangdal tek òg over som nestleiar i styret.

Etter generalforsamlinga i dag er desse med i styret for Avinor AS:

Rådgjevar Inge K. Hansen, Oslo, leiar
Marknadsansvarleg Kristin Vangdal, Tromsø, nestleiar
Seniorrådgjevar Oddbjørg Starrfelt, Time
Regionbankdirektør Anne Stärk-Johansen, Oslo
Administrerande direktør Petter Jansen, Røyken
Administrerande direktør Dag Helge Hårstad, Stjørdal
Teamleiar Helge Løbergsli, Gjemnes, representant for dei tilsette
Flygeleiar Magne Jerpstad, Malvik, representant for dei tilsette
LTT-fullmektig Ingrid Synnøve Brendryen, Vennesla, representant for dei tilsette

Avinor AS er eit fullt ut statleg aksjeselskap. Samferdselsdepartementet forvaltar dei statlege eigarinteressene i selskapet, og samferdselsministeren er generalforsamling for selskapet.