Ny riksveg Hauge – Lonevåg: Kostar om lag 200 millionar kroner, ferdig i 2011
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 79/07 | Dato: 24.08.2007
- Utbygginga av ny veg mellom Hauge og Lonevåg i Osterøy fører til tryggare trafikk og betre vegstandard. For mange i Osterøy vil det bli lettare å komme til kommunesenteret i Lonevåg. Prosjektet vil gi fullgod standard på nær heile strekninga mellom Osterbrua og Lonevåg, og utbygginga er og med på å gjere transportane til næringslivet meir effektive, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.
- Utbygginga av ny veg mellom Hauge og Lonevåg i Osterøy fører til tryggare trafikk og betre vegstandard. For mange i Osterøy vil det bli lettare å komme til kommunesenteret i Lonevåg. Prosjektet vil gi fullgod standard på nær heile strekninga mellom Osterbrua og Lonevåg, og utbygginga er og med på å gjere transportane til næringslivet meir effektive.
Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at det i statsråd i dag er lagt fram eit forslag om utbygging og finansiering av prosjektet ”Riksveg 567 Hauge – Lonevåg” i Osterøy kommune i Hordaland.
Utbygginga mellom Hauge og Lonevåg omfattar om lag 3,3 kilometer ny riksveg. Av dette er 1,5 kilometer tunnel. Ei bru på 90 meter ved Lonevåg og nye tilknytingsvegar mot Revheim og Hjellvik inngår også i prosjektet, som også omfattar korte strekningar med gang- og sykkelveg ved Hauge og ved Lonevåg.
Anleggsarbeidet skal ta til hausten 2008, og den nye vegen skal opnast for trafikk i 2011.
Kostnadene for riksvegprosjektet Hauge – Lonevåg er på 198 millionar kroner, omrekna til 2007-prisnivå. Kostnadene for utbygginga skal dekkjast ved ein kombinasjon av statlege løyvingar, tilskott frå Osterøy kommune og bompengar.
Den delvise bompengefinansieringa vil skje gjennom utviding av eksisterande bompengeordning i Osterøy. Denne bompengeordninga kom i stand i i 1997, og bomstasjonen ved Osterøybrua har vore med på å finansiere utbygginga av Osterøybrua, Tiråstunnelen og vegprosjektet Hannisdallina. I forslaget frå regjeringa er det lagt til grunn at heile bompengeordninga, medrekna innkrevjing for prosjektet Hauge – Lonevåg, skal vere avslutta i 2014.
Framlegget til finansieringsmåte og opplegg for bompengeinnkrevjing er i tråd med lokale ønske og vedtak i Osterøy kommune, Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune.
Priv. til red.:
For kartskisse og fleire opplysingar – sjå:
St.prp nr. 89 (2006-2007) Om utbygging og finansiering av rv 567 Hauge – Lonevåg i Osterøy kommune i Hordaland
Oversiktskart (pdf)