Historisk arkiv

Nye og ambisiøse mål om reduksjon av klimagassutslepp frå nye bilar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Regjeringa går inn for nye nasjonale mål om at gjennomsnittleg klimagassutslepp frå nye personbilar skal reduserast til maksimalt 120 gram CO2 per kilometer innan 2012. I dag er utsleppet frå nye bilar i gjennomsnitt 158 g/km.

Regjeringa går inn for nye nasjonale mål om at gjennomsnittleg klimagassutslepp frå nye personbilar skal reduserast til maksimalt 120 gram CO2 per kilometer innan 2012. I dag er utsleppet frå nye bilar i gjennomsnitt 158 g/km.

- Noreg skal vere eit føregangsland i bruken av bilar med lågare utslepp, og dei offisielle måla om reduksjon av klimagassutslepp frå personbilar er eit viktig steg i den retning. Eg er svært glad for at både styresmaktene og bilimportørane står saman om desse ambisiøse måla, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

På ein pressekonferanse måndag presenterte samferdselsminister Liv Signe Navarsete og miljø- og utviklingsminister Erik Solheim det nye nasjonale målet, som skal liggje til grunn for det vidare arbeidet med å fremje ein meir miljøvennleg transportsektor. Saman med dei to ministrane var representantar frå Bilimportørenes Landsforening, som viste fram fleire bilmodellar som har utslepp under 120 g/km.

Regjeringa har frå 2007 erstatta slagvolumkomponenten i eingangsavgifta med ein CO2-komponent, som eitt av fleire tiltak for leggje om skatte- og avgiftspolitikken for å fremje ein meir miljøvennleg transportsektor. Det gjennomsnittlege CO2-utsleppet frå nyregistrerte bilar er redusert frå 177 g/km i 2006 til 158 g/km i perioden frå januar til august 2007.

EU-kommisjonen har gjort framlegg om å innføre eit krav til bilindustrien som tilsvarer målet som regjeringa no har gått inn for. Dette forslaget er i EU-systemet, og det kan ta fleire år før eit regelverk er på plass.

- Vi vil vere i forkant av denne utviklinga, og vil leggje til rette for ein marknad for meir miljøvennlege bilar, samstundes som vi ønskjer å vere ein pådrivar i Europa i dialogen mellom styresmakter og bilindustri for å få meir miljøvennlege køyretøy på marknaden, seier samferdselsminister Navarsete.

Innsatsen til den einskilde bilførar er viktig for å få reinare biltransport. Det handlar mellom anna om å velje bilar med ein god miljøeigenskapar og å effektivisere køyrestilen slik at utsleppa vert minst mogelege.

- For å oppnå reduksjonar i klimagassutslepp frå transportsektoren må vi ta i bruk eit breitt spekter av tiltak. I tillegg til å redusere utsleppet frå nye bilar, må vi mellom anna redusere transportbehovet, utvikle alternative drivstoff og reise meir kollektivt, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.