Nytt Kråkerøysamband ferdig i 2009
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 21/07 | Dato: 16.02.2007
Det nye Kråkerøysambandet gir betre trafikkflyt for folk på Kråkerøy og Hvalerøyane. Den nye brua gir òg ei ringvegløysing som opnar for å utvikle kollektivtrafikken. Dette er i tråd med lokalpolitiske prioriteringar og med Soria Moria-erklæringa si målsetting om at kollektivtrafikk må bli eit reelt alternativ til bruk av privatbil i byar og bynære område.
-Det nye Kråkerøysambandet gir betre trafikkflyt for folk på Kråkerøy og Hvalerøyane. Den nye brua gir òg ei ringvegløysing som opnar for å utvikle kollektivtrafikken. Dette er i tråd med lokalpolitiske prioriteringar og med Soria Moria-erklæringa si målsetting om at kollektivtrafikk må bli eit reelt alternativ til bruk av privatbil i byar og bynære område.
Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at det i statsråd i dag er lagt fram eit forslag om utbygging og delvis bompengefinansiering av prosjektet: "Riksveg 108 Ny Kråkerøyforbindelse i Fredrikstad kommune i Østfold". Prosjektet omfattar: Ei ny firefelts klaffebru over Vesterelva. Vidare inngår nytt vegsystem over området til FMV på Kråkerøy, samband mellom ny og eksisterande bru via tunnel under Bjølstadfjellet, arm til Rødvegen og ny veg til Glombo. Mossevegen frå Simokrysset og sørover, rustast opp og går inn i ny riksveg 108. Ny riksveg108 på Kråkerøy blir bygd som tofeltsveg. Det skal byggjast gang- og sykkelvegar og gjennomførast støytiltak i bygater som får auka trafikk.
Det ligg ei brei lokalpolitisk semje bak det nye sambandet, som har mykje å seie for både folk og næringsliv i området. Rv 108 knyter Hvalerøyane og Kråkerøy til Fredrikstad sentrum og fastlandet via ei tofelts bru. Denne vert brukt av om lag 11000 fastbuande og trafikken til 5300 fritidseigedomar.
Det er lagt opp til anleggsstart sommaren 2007 og opning for trafikk i juli 2009. På dette tidspunktet tar bompengeinnkrevjinga til ved både den nye og den gamle brua i retning Fredrikstad sentrum, medan bommen på rv 108 til Hvaler vert fjerna. Kostnadsramma for prosjektet er 470 millionar kroner. 41 millionar er statlege midlar medan resten skal dekkast ved bompengar.