Oslopakke 3: Avklaringar og lovendringar sikrar framdrift - i tråd med lokale ønske
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 51/07 | Dato: 15.05.2007
- Regjeringa vil sikre at planlegging og avklaringar for Oslopakke 3 får ei framdrift som følgjer opp ønske på lokalt hald. Regjeringa vil difor allereie i haust komme med eit forslag som legg til rette for at ein så tidleg som mogleg i 2008 kan starte den auka bompengeinnteninga som dei lokale styresmaktene ønskjer.
- Regjeringa vil sikre at planlegging og avklaringar for Oslopakke 3 får ei framdrift som følgjer opp ønske på lokalt hald. Regjeringa vil difor allereie i haust komme med eit forslag som legg til rette for at ein så tidleg som mogleg i 2008 kan starte den auka bompengeinnteninga som dei lokale styresmaktene ønskjer.
Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at det i dag er lagt fram ei orientering om Oslopakke 3. Orienteringa er tatt inn i ein stortingsproposisjon som vart lagt fram i statsråd i dag.
- Det neste trinnet vil vere eit nytt framlegg for Stortinget i samanheng med Nasjonal transportplan for perioden 2010 – 2019. Her vil den samla utbyggingsplanen for Oslopakke 3 bli presentert, mellom anna på bakgrunn av kvalitetssikring og dei prioriteringane som er gjort i samband med Nasjonal transportplan. Lokale styresmakter har også lagt til grunn at bompengar kan nyttast til drift av kollektivtransport. For å få dette til er det nødvendig med ei endring i veglova. Samferdselsdepartementet er i gang med dette lovarbeidet. Departementet tek sikte på å leggje fram eit slikt forslag til lovendring i haust, samtidig med forslaget som skal opne for framtidig bompengeinnkrevjing, seier samferdselsministeren.
Riksveg 150 Ulvensplitten – Sinsen
Det er no utarbeidd ny reguleringsplan for prosjektet, og det er venta at planen skal handsamast av Oslo bystyre i mai. Samferdselsdepartementet tek sikte på å komme tilbake til Stortinget med revidert kostnadsoverslag, framdrifts- og finansieringsplan i haust, i samband med forslag som legg til rette for auka bompengeinntening. Gjennom å opne for å starte bompengeinnkrevjinga i tråd med Oslopakke 3, kan ein innfri målet om at anleggsarbeidet kan komme i gang att våren 2008. Slik kan prosjektet opnast for trafikk i 2012. Oslo kommune har sett av midlar til å dekkje kostnadene ved bygging av dei kommunale vegane som inngår i prosjektet. Det er lagt opp til å starte bygginga av dei kommunale vegane hausten 2007, går det fram av orienteringa.
For fleire opplysingar, sjå:
St.prp. nr. 68 (2006-2007) Om ein del saker på Samferdselsdepartementets område