Historisk arkiv

Samferdselsdepartementet gir støtte til "klimakutt.no"

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet har løyvt 200 000 kroner til Norges Naturvernforbund til vidare utvikling av nettsida "klimakutt.no", som ein del av arbeidet med klimakutt for transportsektoren.

Pressemelding

Nr.: 01/07
Dato: 03.01.07

Korrigert versjon av pressemelding sendt ut tidlegare i dag

Samferdselsdepartementet gir støtte til "klimakutt.no"

Samferdselsdepartementet har løyvt 200 000 kroner til Norges Naturvernforbund til vidare utvikling av nettsida "klimakutt.no", som ein del av arbeidet med klimakutt for transportsektoren.

- For å møte dei store klimautfordringane vi står overfor er det viktig at alle er meir medvitne om kva slags innverknad eiga åtferd får når det gjeld utslepp av klimagassar. Transportsektoren står for ein vesentleg del av klimagassutsleppa, og regjeringa er opptatt av at Staten skal gå fremst som eit godt eksempel på at alle må bidra til å redusere utsleppa, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

www.klimakutt.no er døme på ei nettside der folk og bedrifter kan rekne ut sine CO 2-utslepp og få råd om korleis ein kan redusere utsleppa. I tillegg er det høve til å kjøpe verdibrev for ei mengd CO 2-utslepp. Med støtta frå Samferdselsdepartementet vil Noregs Naturvernforbund utvide klimakalkulatoren på nettsida slik at ein kan rekne ut CO 2-utsleppa for ei enkeltreise med fly eller bil og deretter kompensere for sine klimagassutslepp ved å kjøpe ein klimakvote.