Samferdselsministeren: 100 km/t – framleis høgaste fartsgrense
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 130/07 | Dato: 29.11.2007
- Det er ikkje aktuelt med ei generell heving av fartsgrensa til 110 km/t på vegstrekningar som i dag har ei fartsgrense på 100 km/t. Den høgaste fartsgrensa i Noreg skal dermed framleis vere 100 km/t.
- Det er ikkje aktuelt med ei generell heving av fartsgrensa til 110 km/t på vegstrekningar som i dag har ei fartsgrense på 100 km/t. Den høgaste fartsgrensa i Noreg skal dermed framleis vere 100 km/t.
Dette opplyser samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at Samferdselsdepartementet no har vurdert mogelege verknader av ei heving av høgste fartsgrense til 110 km/t.
I si vurdering har departementet lagt vekt på verknadene trafikktryggleik og miljø, mellom anna utslepp av klimagassar. Vurderinga til Samferdselsdepartementet er i hovudsak i tråd med tilråding frå Vegdirektoratet, som har utarbeidd ei omfattande utgreiing om saka.
Forsøksordning med ”dynamiske fartsgrenser”
I eit brev til Vegdirektoratet gjer Samferdselsdepartementet det elles klart at Vegdirektoratet kan opprette ei forsøksordning med såkalla dynamiske fartsgrenser på strekningane E6 nord for Oslo og E18 i Vestfold. - Ei ordning med dynamiske fartsgrenser vil seie at fartsgrensa kan setjast ned når det er vanskelege ver- og føreforhold, høg ulukkesrisiko og ugunstige miljøforhold. Dette kan vere med på å sikre god trafikkflyt og trygg trafikk, seier samferdselsministeren.
100 km/t skal framleis vere den høgaste fartsgrensa for dei to strekningane som blir omfatta av forsøksordninga med dynamiske fartsgrenser, går det fram av brevet frå Samferdselsdepartementet til Vegdirektoratet.