Statsbudsjettet 2008
Ytterlegare auke i vegsatsinga
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 93/07 | Dato: 05.10.2007
Regjeringa foreslår ei samla løyving på 15,43 milliardar kroner til vegføremål over statsbudsjettet for 2008. Dette er nær 575 millionar kroner eller 3,9 prosent meir enn saldert budsjett for 2007.
Regjeringa foreslår ei samla løyving på 15,43 milliardar kroner til vegføremål over statsbudsjettet for 2008. Dette er nær 575 millionar kroner eller 3,9 prosent meir enn saldert budsjett for 2007.
- Budsjettforslaget fører til eit aktivitetsnivå i vegsektoren på om lag same nivå som for 2007. Regjeringa har dermed – for to år på råd - meir enn oppfylt dei årlege planrammene for vegbudsjettet som følgjer av vedtak i Stortinget om
Nasjonal transportplan.
- For vegsektoren, medrekna riksvegferjene, har regjeringa funne det nødvendig å styrkje drift og vedlikehald vesentleg ut over det som er lagt til grunn i Nasjonal transportplan. Regjeringa har elles prioritert drifts-, vedlikehalds- og utbyggingstiltak som gir tryggare trafikk, betre flyt i trafikken i tettbygde strok, reduserer avstandskostnader og betrar transportilbodet for folk og næringsliv i distrikta. Den sterke satsinga på legging av nytt asfaltdekke, med løyving på 800 millionar kroner i år, vil bli ført vidare i 2008, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.
I tillegg til løyvingane over statsbudsjettet kjem om lag 4 900 millionar kroner som bompengeselskapa neste år vil stille til rådvelde for å finansiere delar av utbygginga av riksvegnettet.
Den foreslåtte løyvinga på 15 425 millionar kroner over statsbudsjettet for 2008 er fordelt slik:
- 7 061,5 millionar kroner til trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegnettet
- 6 531,1 millionar kroner til investeringar. Beløpet omfattar ordinære riksveginvesteringar og særlege budsjettpostar for rassikring, forsøksordningar og vegutbygging i Bjørvika i Oslo
- 1 547,4 millionar kroner til statleg kjøp av riksvegferjetenester
- 285 millionar kroner til ”Vederlag til OPS-prosjekt” (utbygging etter modellen ”offentleg-privat samarbeid”)
Trafikktilsyn, drift og vedlikehald: Nær 7,1 milliardar kroner
Til trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar har regjeringa foreslått i alt 7 061,5 millionar kroner. Dette er ein auke på 291,1 millionar kroner eller 4,3 prosent i forhold til saldert budsjett for 2007.
Innanfor drift og vedlikehald har regjeringa prioritert tiltak for å gjere trafikken enda tryggare. Dette gjeld særleg tiltak retta mot svært ulukkesutsette strekningar og vinterdrifta, med brøyting, salting og strøing. Neste år vil det bli brukt meir til vedlikehald av bruer og tunnelar enn i 2007. Den høge innsatsen i vedlikehaldet, medrekna legging av nytt asfaltdekke, vil bli ført vidare i 2008.
Statlege løyvingar til veginvesteringar: 6,53 milliardar kroner
I alt 6 531,1 millionar kroner er foreslått som statlege løyvingar til veginvesteringar. Dette er 256,4 millionar kroner eller 4,1 prosent meir enn for 2007.
I tillegg til ”ordinære riksveginvesteringar” omfattar desse løyvingane mellom anna midlar frå den særlege budsjettposten ”rassikring”. Beløpet omfattar dessutan midlar frå nokre særlege budsjettpostar som gjeld utbygging av E18 Bjørvika i Oslo og ”forsøksordningane for alternativ forvaltningsorganisering av transportsystemet i enkelte byområde".
Dei statlege midlane til ”ordinære riksvegveginvesteringar” og ”forsøk” er fordelte slik:
- 3 122,5 millionar kroner til utbygging på stamvegnettet.
- 2 214,4 millionar kroner til fylkesfordelt ramme. Dette er midlar som skal nyttast til utbygging av såkalla ”øvrige riksvegar”, det vil seie riksvegar utanom stamvegnettet. Midlane blir løyvde over budsjettpostar for både ordinære riksveginvesteringar og budsjettpost for ”forsøksordningar”.
- I tillegg er det sett av i alt 465,4 millionar kroner til ”ikkje rute-/fylkesfordelte tiltak”. Desse midlane skal mellom anna nyttast til oppgradering av eksisterande tunnelar, tiltak innanfor prosjektet ”Nasjonale turistvegar” og tiltak som gjeld forsking og utvikling.
329 millionar kroner er dessutan oppført på den særlege budsjettposten ”Rassikring". Denne løyvinga vil, saman med bruk av ordinære investeringsmidlar og bompengemidlar, føre til at det i 2008 vil bli brukt i alt 520 millionar kroner til vegutbygging med rassikringsgevinst.
I tillegg til midlane over statsbudsjettet vil bompengeselskapa stille til rådvelde 4 900 millionar kroner til utbygging av riksvegnettet, medrekna om lag 710 millionar kroner til investeringstiltak for kollektivtrafikken.
Anleggstart for nye prosjekt
Neste år er det planlagt anleggsstart for desse sju større riksvegprosjekta, det vil seie prosjekt med kostnadsoverslag over 100 millionar kroner:
• E39 Stangeland – Sandved i Rogaland
• riksveg 80 Røvika – Strømsnes i Nordland
• riksveg 7 Ramsrud – Kjeldsbergsvingane ved Hønefoss i Buskerud
• riksveg 168 Bogstadveien i Oslo
• E39 Kvivsvegen mellom Hornindal i Sogn og Fjordane og Volda i Møre og Romsdal
• riksveg 47 ”T-forbindelsen” i Rogaland
• riksveg 567 Hauge – Lonevåg i Hordaland
For dei tre siste prosjekta er anleggsstart i 2008 avhengig av endelege vedtak om tilslutnad til opplegg med delvis bompengefinansiering, mens prosjektstart for opprusting av Bogstadveien er avhengig av at reguleringsplanen blir godkjend og at Oslo kommune og Statens vegvesen blir samde om korleis kostnadane skal delast.
I tillegg blir det i 2008 anleggsstart for ei rekkje mindre prosjekt, både på stamvegane og på resten av riksvegnettet.
Tiltak for kollektivtransporten: 900 millionar kroner finansiert av ”vegmidlar”
I forslaget til vegbudsjett er det lagt opp til at det neste år skal brukast i alt 900 millionar kroner frå ”vegmidlar” til særskilte tiltak for kollektivtrafikken. Av dette er 190 millionar kroner statlege midlar som inngår i framlegget til løyvingar til riksveginvesteringar, medan 710 millionar kroner er bompengemidlar.
Dei største prosjekta er bygging av Bybanen i Bergen og opprusting av Kolsåsbanen i Oslo og Akershus. Det er elles sett av midlar til tiltak som gjer at buss og trikk kjem fortare fram i trafikken i fleire byområde. Innfartsparkering, oppgradering av kollektivterminalar og tilrettelegging av haldeplassar og knutepunkt for ekspressbuss er dessutan kollektivtiltak som blir finansiert ved hjelp av ”vegmidlar”.
I tillegg til desse særskilte tiltaka, vil det - som ledd i arbeid med fleire vegprosjekt - skje utbygging som fører til betre forhold for kollektivtransporten på vegane.
Særskilte tiltak for tryggare trafikk
Regjeringa gjer framlegg om 520 millionar kroner til særskilte tiltak for trafikksikring på vegnettet. Av dette er 470 millionar kroner statlege midlar. Midlane skal mellom anna nyttast til tiltak som er retta mot dei alvorlegaste ulukkene, det vil seie møteulukker, utforkøyringsulukker og ulukker med mjuke trafikantar.
I tillegg til desse særskilte tiltaka kjem den auka tryggleiken ein får ved bygging av nye vegar, gang- og sykkelvegar, rassikring, tilsyn- og kontrollverksemd.
Gang- og sykkelvegar
For 2008 er det lagt til grunn at ein langs eksisterande veg skal bruke i alt 590 millionar kroner innanfor samla vegmidlar til tiltak for gåande og syklande. Dette er ein auke på 280 millionar kroner, samanlikna med 2007. Utbygginga av gang- og sykkelvegar blir finansiert ved hjelp av 340 millionar kroner i løyvingar over statsbudsjettet og 250 millionar kroner i bompengemidlar.
I tillegg vil det bli gjennomført bygging av gang- og sykkelvegar som del av utbygginga av nye strekningar på vegnettet.
Rassikring
Neste år skal det brukast i alt om lag 520 millionar kroner til prosjekt og tiltak som er med på å sikre mot ras på vegnettet. Av dette beløpet er 329 millionar kroner løyvingar over den særlege budsjettposten ”Rassikring”, om lag 90 millionar blir dekt ved midlar frå dei ordinære statlege løyvingane til riksveginvesteringar, medan resten blir dekt ved hjelp av bompengar.
For 2008 år har ein særleg prioritert arbeid på desse store prosjekta, alle med kostnadsoverslag over 100 millionar kroner:
- E 39 Gammelseter - Nipetjørn, Lindås i Hordaland
- Riksveg 13 Ulvundsøyne, Voss i Hordaland
- Riksveg 5 langs Kjøsnesfjorden (Hammarsgrovi – Stølsneset), Jølster i Sogn og Fjordane
- Riksveg 55 Fatlaberget, Leikanger og Sogndal i Sogn og Fjordane
- Riksveg 55 Gullringen, Luster i Sogn og Fjordane
- Riksveg 617 Gotteberg – Kapellneset, Vågsøy i Sogn og Fjordane
- Riksveg 62 Fresvika-Jordalsgrenda, Nesset og Sunndal i Møre og Romsdal
- E10 Fjøsdalen, Flakstad i Nordland
- Fylkesveg 347 Arnøya, Skjervøy i Troms
I tillegg til desse større prosjekta, vil det dessutan bli nytta midlar til ei rekkje mindre rassikringstiltak på fleire utsette strekningar og punkt på vegnettet.
Miljøtiltak
For neste år skal det innanfor vegmidlane brukast om lag 160 millionar kroner til særskilte miljø- og servicetiltak langs eksisterande veg. Av dette er 120 millionar kroner statlege midlar. Midlane skal nyttast til mellom anna støyskjerming langs vegane og til tiltak ved rasteplassar.
I tillegg til desse særskilte tiltaka langs eksisterande veg kjem ei rekkje miljø- og servicetiltak som inngår som ein del av utbygginga av nye vegstrekningar på riksvegnettet.
Nasjonale turistvegar: 100 millionar kroner
Innanfor forslaget til riksveginvesteringar er det sett av 100 millionar kroner for å dekkje den statlege delen av utgiftene til prosjektet Nasjonal turistvegar.
Vegutbygging i Bjørvika
For prosjektet ”Vegutbygging i Bjørvika” i Oslo er det for 2008 lagt til grunn ei statleg investeringsramme på 399,8 millionar kroner. Av dette beløpet er 54 millionar kroner innanfor ramma i Nasjonal transportplan 2006 - 2009. I tillegg er det lagt til grunn at det skal brukast 440 millionar kroner i bompengar frå Oslopakke 1.
Vegprising og bruk av bompengar til drift av kollektivtransport
I budsjettframlegget blir det vist til at Stortinget våren 2001 vedtok ei endring i vegtrafikkloven som gir heimel til innføring av ordningar med vegprising. Denne lovendringa er enno ikkje sett i verk.
- Det er heller ikkje utarbeidd utfyllande forskrifter. Samferdselsdepartementet meiner det er naturleg å sluttføre arbeidet med å få det formelle heimelsgrunnlaget på plass. Departementet vil difor arbeide vidare med å få sett i verk den vedtekne lovendringa, og tar sikte på å utarbeide eit forslag til utfyllande forskrifter. Eg har elles tidlegare varsla at regjeringa i haust vil leggje fram eit forslag om endring i vegloven, med sikte på å få ein lovheimel som gjer at inntekter frå bompengeinnkrevjing også kan nyttast til drift av kollektivtransport, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.
Riksvegferjetenester: Nær 1,6 milliardar kroner – og betre rabattordningar
Til statleg kjøp av riksvegferjetenester er det sett av nær 1 547,4 millionar kroner, ein auke på 5,7 prosent samanlikna med saldert budsjett 2007.
Regjeringa gjer no framlegg om å auke rabattsatsen på sonekort og verdikort for køyretøy, frå 45 prosent til 50 prosent frå 1. mai 2008.
For riksvegferjene legg Samferdselsdepartementet til grunn ein takstauke på 4,3 prosent frå 1. januar neste år.
Riksveginvesteringar – fordelt på stamvegstrekningar
I budsjettforslaget er det lagt opp til at det i 2008 skal nyttast i alt 5 599 millionar kroner til investeringar på stamvegnettet, fordelt med 3 123 millionar kroner i statlege løyvingar og 2 476 millionar kroner i bompengemidlar og anna ekstern finansiering.
Midlane er fordelte slik – på dei ulike korridorane og strekningane på stamvegnettet:
Korridor/rute | Forslag statsbudsjett 2008 (mill. kr) |
Bompenge- midlar og anna ekstern finansiering 2008 (mill. kr) | |
1 | E 6 Riksgrensa/Svinesund - Oslo | 721,0 | 540,0 |
- | - | - | |
2 | E 18 Riksgrensa/Ørje - Oslo | 377,0 | 95,0 |
Rv 2 Riksgrensa/Magnor-Kløfta | 58,6 | 41,0 | |
Rv 36 Jessheim - Hønefoss - Hokksund | 3,8 | ||
- | - | - | |
3 | E 18 Oslo - Kristiansand | 397,2 | 708,0 |
Rv 23 Lier - Drøbak - Vassum | 9,9 | 8,0 | |
Rv 150 Ulvensplitten - Tjernsmyr | 10,0 | 90,0 | |
- | - | - | |
4 | E 39 Kristiansand - Bergen | 103,0 | 40,0 |
E 39 Bergen - Ålesund med tilknytingar | 119,6 | ||
E 39 Ålesund - Trondheim | 14,6 | 80,0 | |
Rv 13 Jøsendal - Voss | 5,0 | ||
Rv 9 Kristiansand - Haukeligrend | 10,6 | 6,0 | |
- | - | - | |
5 | E 134 Drammen - Haugesund | 86,4 | 21,0 |
E 16 Sandvika - Bergen | 414,0 | 110,0 | |
E 7/52 Hønefoss - Gol - Borlaug | 32,1 | ||
Rv 36 Seljord - Eidanger | 12,5 | ||
- | - | - | |
6 | E 6 Oslo - Trondheim | 266,5 | 655,0 |
Rv 15 Otta - Måløy | 2,4 | ||
E 136 Dombås - Ålesund | 26,0 | ||
Rv 3 Kolomoen - Ulsberg | 36,8 | ||
Rv 4 Oslo - Mjøsbrua | 24,2 | ||
Rv 70 Oppdal - Kristiansund | 4,5 | ||
- | - | - | |
7 | E 6 Trondheim - Fauske med tilknytingar | 155,8 | 82,0 |
8 | E 6 Bodø - Nordkjosbotn med tilknytingar | 164,0 | |
E 6 Nordkjosbotn - Kirkenes med tilknytingar | 67,0 | ||
- | - | - | |
I alt | 3 122,5 | 2 476,0 |
”Øvrige riksvegar”: Fylkesvis fordeling av investeringar
I budsjettforslaget er det lagt opp til at det i 2008 skal brukast i alt 5 179 millionar kroner til investeringar på det ”øvrige riksvegnettet”, det vil seie riksvegar som ikkje inngår i stamvegnettet. Beløpet omfattar både løyvingar over statsbudsjettet og bompengemidlar og anna ekstern finansiering, og er fordelt slik på dei enkelte fylka:
Fylke | Forslag statsbudsjett 2008 (mill kr.) |
Bompengemidlar 2008 (mill. kr) |
Østfold | 66,0 | 37,0 |
Akershus | 197,1 | 339,0 |
Oslo | 229,0 | 232,0 |
Hedmark | 52,0 | |
Oppland | 54,0 | 74,0 |
Buskerud | 154,7 | 22,0 |
Vestfold | 57,2 | 245,0 |
Telemark | 126,0 | 40,0 |
Aust-Agder | 49,0 | 1,0 |
Vest-Agder | 95,0 | 108,0 |
Rogaland | 190,0 | 502,0 |
Hordaland | 315,6 | 954,0 |
Sogn og Fjordane | 77,0 | 16,0 |
Møre og Romsdal | 207,8 | 318,0 |
Sør-Trøndelag | 67,0 | |
Nord-Trøndelag | 65,0 | 38,0 |
Nordland | 111,0 | 36,0 |
Troms | 66,0 | 2,0 |
Finnmark | 35,0 | |
I alt | 2 214,40 | 2 964,0 |
Til redaksjonen
Fleire pressemeldingar om samferdselsbudsjettet for 2008 og fylkesvis oversikt over løyvingar og tiltak – sjå nettsider om SD-budsjett