Terje Moe Gustavsen – ny vegdirektør
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 108/07 | Dato: 19.10.2007
Terje Moe Gustavsen, Vestby, er i statsråd i dag tilsett i stillinga som vegdirektør og leiar for Statens vegvesen. Han er 53 år, og er no tilsett som spesialrådgjevar i Arbeidsgiverforeningen Spekter. Han har brei erfaring frå leiarstillingar og styreverv innanfor både offentleg og privat sektor.

Terje Moe Gustavsen har etats- og leiarutdanning frå Postverket, der han i perioden 1970 – 1987 arbeidde i ulike stillingar. I åra 1981 – 1987 hadde han verv som sekretær, nestleiar og leiar i Den norske Postorganisasjon. Frå 1987 til 1990 var han sekretær i Statstjenestemannskartellet, og i åra 1990 – 1999 var han leiar for LO Stat. Han var statssekretær ved Statsministerens kontor i perioden juni – oktober 1997. Frå desember 1999 til mars 2000 var han tilsett som strategidirektør i Telenor Installasjon og Service. Han var samferdselsminister frå mars 2000 til oktober 2001. Frå 2002 til 2005 var han direktør i Arbeidsgiverforeningen NAVO (skifta i juni 2007 namn til Arbeidsgiverforeningen Spekter), og han var personaldirektør i SAS Braathens frå 2005 til 2007. Han er no tilsett som spesialrådgjevar i Arbeidsgiverforeningen Spekter.
Terje Moe Gustavsen har erfaring frå fleire styreverv, mellom anna i Norges forskingsråd, A-pressen, Telenor AS og ABG Sundal Collier ASA.