Historisk arkiv

Togforbindelsen Oslo - Stockholm i gong frå i dag

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Frå og med i dag kan ein reise med persontog frå Oslo til Stockholm. Dette vart markert av den norske samferdselsministeren Liv Signe Navarsete og hennar svenske kollega infrastrukturminister Åsa Torstenson på ei togreise mellom Oslo og Arvika i dag.

Pressemelding

Nr.: 06/07
Dato: 07.01.07

Togforbindelsen Oslo - Stockholm i gong frå i dag

Frå og med i dag kan ein reise med persontog frå Oslo til Stockholm. Dette vart markert av den norske samferdselsministeren Liv Signe Navarsete og hennar svenske kollega infrastrukturminister Åsa Torstenson på ei togreise mellom Oslo og Arvika i dag.

-Det auka antallet avgangar vil gjere at toget vert styrka i konkurransen med andre transportformar, og det er viktig dersom ein verkeleg vil ta innover seg dei store klimautfordringane innanfor transportsektoren, seier Navarsete.


- Att persontågstrafiken mellan Stockholm och Oslo återupptas är viktigt i synnerlighet för de människor som bor och verkar i regionen på båda sidor gränsen. Det här vidgar arbetsmarknadsregionen så väl för företagare som för enskilda arbetstagare, uttaler Åsa Torstenson, som er infrastrukturminister i Sverige.

Det blir fire avgonger daglig mellom dei to hovudstadene.

I tillegg til dagleg persontogsamband Oslo – Stockholm får vi – på begge sider av grensa – eit langt betre regionalt og lokalt togtilbod: På den norske sida vil talet på avgangar mellom Kongsvinger og Oslo bli nesten dobla/auke frå fire til ni avgangar. På den svenske sida vil det, i tillegg til dagens tilbod, bli to daglege dobbeltturar mellom Karlstad og Charlottenberg og ein dobbelttur mellom Karlstad og Charlottenberg.

Tale av samferdselsminister Liv Signe Navarsete

Pressemelding fra det svenske Næringsdepartementet (pdf)

Kontaktpersoner:

Näringsdepartementet: Politisk sakunning Ingrid Larsson :+46 70-612 23 94

Samferdselsdepartementet: Informasjonsrådgjevar Melita Ringvold Hasle: 95 12 1983

Kongsvinger kommune: Kultursjef Paul Inge Tonseth: 91647091

Hedmark fylkeskommune: Fylkesråd Siv Tørudbakken:908 81 352

Arvika kommun: Kommunalråd Claes Pettersson: +46 70-627 27 02 eller utredningssekreterare Hilde Axelsson: +46 570-816 97

NSB: Informasjonssjef Åge Cristoffer Lundeby: 916 53449

SJ AB: Direktør verksamhetsutvekling Anders Ericsson: +46 703462294 og chef SJ trafikavtal Bo Granberg: +46 707623738