Trafikkstasjonane til Statens vegvesen: Ingen nedleggingar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 78/07 | Dato: 23.08.2007
Samferdselsminister Liv Signe Navarsete offentleggjorde i dag at ingen trafikkstasjonar skal leggjast ned.
Samferdselsminister Liv Signe Navarsete offentleggjorde i dag at ingen trafikkstasjonar skal leggjast ned.
Samferdselsdepartementet har i dag avgjort at tenestetilbodet ved stasjonane som ifølgje planar frå 2004 skulle leggjast ned, skal vidareførast slik tilbodet er i dag. Avgjerda kjem etter ein lang prosess der Statens vegvesens forslag til endringar av strukturen og tenestetilbodet til trafikkstasjonane har vore på høring.
- Trafikkstasjonane til Statens vegvesen utgjer eit viktig offentleg tilbod for folk og for næringsliv. Dei trengst til registrering, førarprøve, førarkort, utlevering av skilt og oblat og mykje meir. Eg legg stor vekt på verdien av nærleik og korte avstandar for kundane, og likeverd i tilbod over heile landet, og difor vil eg ikkje leggje ned desse stasjonane slik det var vedteke i 2004, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.
Desse lokaliseringane av trafikkstasjonstilbod var vedtekne lagde ned i 2004, men vert ført vidare no:
- Mandal
- Støren
- Brekstad
- Rissa
- Åfjord
- Sandnessjøen
- Moss
- Drøbak
- Kongsberg
- Larvik
- Rjukan
- Dalen
- Kragerø
- Evje
Det er etter dette totalt 84 stader med trafikkstasjonstilbod i Noreg.
Last ned:
- Liste over trafikkstasjonane til Statens vegvesen per 23. august 2007 (pdf)
- Oversikt over tidlegare planlagde endringar 2004 (pdf)
- Kart over stasjonane (pdf)
Priv. til red.: Halden og Vrådal var feilaktig med i den første oversikta over tenestetilbod som vart publisert.