Historisk arkiv

Vegutbygging Jørstad — Segalstad bru: Kostar vel 250 millionar kroner, ferdig i 2009

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Utbygging av ny riksveg Jørstad – Segalstad bru vil føre til tryggare og meir effektiv trafikk på denne strekninga. Vegprosjektet omfattar også bygging av nær fem kilometer med støyskjermar og –vollar og andre tiltak som er med på å betre miljøforholda for dei som bur langs vegen. Bygging av gang- og sykkelveg er òg ein del av prosjektet, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Pressemelding

Nr.: 16/07
Dato: 02.02.07

Vegutbygging Jørstad – Segalstad bru: Kostar vel 250 millionar kroner, ferdig i 2009

- Utbygging av ny riksveg Jørstad – Segalstad bru vil føre til tryggare og meir effektiv trafikk på denne strekninga. Vegprosjektet omfattar også bygging av nær fem kilometer med støyskjermar og –vollar og andre tiltak som er med på å betre miljøforholda for dei som bur langs vegen. Bygging av gang- og sykkelveg er òg ein del av prosjektet.

Dette sier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at det i statsråd i dag er lagt fram eit forslag om utbygging og finansiering av det om lag 12 kilometer lange riksvegprosjektet, mellom Jørstad ved Fåberg kyrkje i Lillehammer kommune og til Segalstad bru i Gausdal kommune.

Prosjektet omfattar også utbetring av ei fylkesvegstrekning mellom Lundgård og Brubakken i Lillehammer kommune og bygging av eit nytt fylkesvegsamband frå E6 til høgskoleområdet ved Storhove i Lillehammer.

Anleggsarbeidet skal ta til i juni i år, og prosjektet skal etter planen opnast for trafikk hausten 2009. Utbygginga er rekna å koste i alt 252 millionar kroner. Av dette skal 247 millionar kroner finansierast ved ein kombinasjon av løyvingar over statsbudsjettet, bompengar og tilskott frå Oppland fylkeskommune og dei to kommunane Lillehammer og Gausdal. I tillegg blir fem millionar kroner dekt ved lokale tilskot, gjennom ordninga med kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift.

Opplegget for finansieringa, medrekna ordninga med bompengeinnkrevjing, er i tråd med ønske og vedtak frå lokalpolitisk hald.

Til redaksjonen

For fleire opplysningar og kartskisse - sjå St.prp. nr. 35 (2006-2007) om utbygging og finansiering av riksveg 255 Jørstad – Segalstad bru med tilstøytande vegsystem i Oppland