Ras i Hanekleivtunnelen
Rapporten overlevert
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Dato: 15.02.2007
Samferdselsminister Liv Signe Navarsete mottok i dag rapporten frå ei undersøkingsgruppe som har tatt for seg raset i Hanekleivtunnelen på E18 i Vestfold 25.desember i fjor. Gruppa som vart oppnemt av Samferdselsdepartementet 5. januar i år og har vore leia av professor Bjørn Nilsen, NTNU.
Samferdselsminister Liv Signe Navarsete mottok i dag rapporten frå gruppa som vart oppnemt av Samferdselsdepartementet 5. januar i år og har vore leia av professor Bjørn Nilsen, NTNU. Gruppa har tatt for seg raset i Hanekleivtunnelen i Vestfold 25.desember i fjor. Formålet med undersøkinga har vore å få klarlagt moglege årsakar til raset og foreslå eventuelle forbetringstiltak.
- Eg vil no be Vegdirektoratet kome med ein vurdering av rapporten der direktoratet gjer nærare greie for sine interne kontrollrutinar og ev. endringar i desse
Denne saka er så viktig at eg tek sikte på å utgreie raset nærare i ein samleproposisjonen som er planlagt lagt fram for Stortinget i mai. Problemstillingar knytt til kontroll og tilsyn vil bli ein viktig del av ei slik utgreiing, uttaler samferdselsministeren.
Sjå pressekonferansen og les rapporten her