Historisk arkiv

Samråd om trafikktryggleik:

- Brei innsats og samarbeid viktig for å snu ulukkesutviklinga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

- Regjeringa vil snu den negative ulukkesutviklinga vi har hatt 2008, og legg stor vekt på eit breiast mogeleg samarbeid med organisasjonane som arbeider med trafikktryggleik, sa samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med eit samrådsmøte om trafikktryggleik i dag.

Saman med statsminister Jens Stoltenberg møtte samferdselsministeren organisasjonane Trygg Trafikk, Norges Automobilforbund, Landsforeningen for trafikkskadde, Autoriserte Trafikkskolers Landsforbund, Trafikkforum, Syklistenes Landsforbund og Nei til Frontkollisjoner.

- Den kraftige satsinga på trafikktryggleik i budsjettet for 2009 vil bli ført vidare, og vi har i dag fått viktige innspel til strategien for trafikktryggleik i Nasjonal transportplan 2010-2019. I oktober inviterte vi til eit første møte i det som skal bli eit nytt Nasjonalt trafikktryggleiksforum, der vi skal diskutere felles utfordringar og innsats, sa samferdselsminister Navarsete.

Totalt skal det i 2009 nyttast om lag 1 030 millionar kroner til særskilte investeringstiltak for trafikktryggleik langs eksisterande vegar. Av desse er om lag 930 millionar kroner statlege midlar, ein auke på om lag 450 millionar kroner eller 98 prosent frå 2008. Resten av midlane er bompengar.

Tiltak mot dei mest alvorlege ulukkene skal prioriterast i 2009, mellom anna gjennom bygging av midtrekkverk, bruk av siderekkverk, sperreområde og anna midtmarkering. Ei hovudutfordring er å utvikle enno meir effektive tiltak retta mot høgrisikogrupper og risikoframferd i trafikken. Høg fart, manglande bruk av bilbelte og køyring i ruspåverka tilstand er dessverre framleis årsak til mange av dei alvorlegaste ulukkene i vegtrafikken.

- Trafikkulykker er eit av dei største samfunnsproblema våre. Det er uakseptabelt at så mange menneske døyr i trafikken kvart år, sa Stoltenberg.


Statsministeren og samferdselsministeren inviterte måndag til samråd om samferdsel, for å få innspel til korleis interesseorganisasjonar og frivillige aktørar kan bidra saman med styresmaktene til betre trafikktryggleik. Foto: SMK.