Samferdselsminister Liv Signe Navarsete:
- Gode og rimelege posttenester i heile landet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 09/08 | Dato: 01.02.2008
- Gode posttenester er viktig for å tryggje busetjing og næringsliv i heile landet. Regjeringa vil difor - gjennom offentleg regulering og konsesjonsvilkår - sikre eit landsdekkjande tilbod om formidling av leveringspliktige posttenester, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at det i statsråd i dag vart lagd fram ei stortingsmelding om verksemda til Posten Norge AS.
- Gode posttenester er viktig for å tryggje busetjing og næringsliv i heile landet. Regjeringa vil difor - gjennom offentleg regulering og konsesjonsvilkår - sikre eit landsdekkjande tilbod om formidling av leveringspliktige posttenester. Dette sikrar regjeringa også når trafikknedgang på postkontora gjer det naudsynt med omdanning av tenestetilbodet. Ei omgjering av inntil 124 postkontor til Post i Butikk skal skje over ein periode på to til tre år.
Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at det i statsråd i dag vart lagd fram ei stortingsmelding om verksemda til Posten Norge AS.
Stortingsmeldinga tar for seg dei overordna planane for verksemda til konsernet, noko som også omfattar den økonomiske utviklinga i dei siste åra og i åra framover. Posten har sjølv utarbeidd ein eigen plan for verksemda i perioden 2006 – 2008, og denne planen er ein del av grunnlaget for Samferdselsdepartementet sitt arbeid med den stortingsmeldinga som no er lagd fram.
Regjeringa går i stortingsmeldinga inn for at Posten Norge AS framleis skal vere eit fullt ut statleg eigd selskap.
Posten Norge AS skal vise samfunnsansvar og tilby leveringspliktige tenester til rimelig pris og med god kvalitet i heile landet. Selskapet skal oppfylle desse pliktene på ein effektiv måte. Posten skal gje eit tilbod av posttenester tilpassa behova til dei ulike kundegruppene. Dette bør skje gjennom vidareutvikling av eksisterande tenester og ved utvikling av nye tenester som støttar opp under kjerneverksemda. Selskapet skal sikre ei god forvalting av staten sine verdiar og ei god utvikling av selskapet. Posten skal vere ein god arbeidsplass for dei tilsette, og ved omstillingar i verksemda skal posten ha eit nært og godt samarbeid med dei tilsette og deira organisasjonar, går det fram av stortingsmeldinga.
Endringar i bruken av posttenester – oppretting av fleire Post i Butikk
Bruken av tenester over skranke ved postkontora har gått sterkt ned dei seinare åra, og prognosane tilseier vidare nedgang. Viktige årsaker til dette er meir bruk av e-post, internett, nettbank og kontantuttak på butikken. For å tilpasse verksemda til dei marknadsmessige endringane og oppretthalde det godt utbygde posttilbodet i heile landet vil regjeringa gje godkjenning til at Posten kan gjere om fleire eigendrivne postkontor til Post i Butikk.
Samferdselsdepartementet legg til grunn at Posten kan gjere om inntil 124 postkontor til Post i Butikk innan utgangen av 2010. Ei slik omlegging er avhengig av at Posten set i verk tilstrekkelege tiltak for å sikre privatkundar og bedrifter i heile landet tenester med høg kvalitet, og gjennomfører gode prosessar overfor dei tilsette og lokale styresmakter. Det er dessutan ein klar føresetnad at Posten etter omlegginga skal ha eit minst like godt tilbod av dei samfunnspålagde tenestene som tidlegare, går det fram av stortingsmeldinga.
Nært samarbeid med dei tilsette og lokale styresmakter
- For å ta vare på interessene til dei tilsette må Posten, i samband med omlegginga, ha eit tett og godt samarbeid med dei tilsette og deira organisasjonar. Det er også viktig med god kontakt og samarbeid med lokale styresmakter. Det er særs viktig at Posten legg til rette for at overtallege kan få anna arbeid i eller utanfor Posten-konsernet, og at ein set i verk tiltak som hindrar at dei som mistar arbeidet blir utstøytte frå arbeidslivet, seier samferdselsministeren.
For dei tilsette som blir overtalige har Posten fullført prosessar med fagforeiningane om revidert verkemiddelavtale. Dei avtalte ordningane omfattar mellom anna omskuleringstiltak og samarbeid med NAV før omstillingane skjer for å hindre fråfall frå arbeidslivet. Posten skal leggje til rette for at overtalige kan få anna arbeid i eller utanfor Posten-konsernet, går det fram av stortingsmeldinga.
Verknader for kundane
For kundane vil omlegginga innebere at Post i Butikk vert oppretta alle stader der eit postkontor vert omgjort, og nokre stader vert det to Post i Butikk i staden for eitt postkontor. Tenestetilbodet blir utvida gjennom omlegginga:
• Opningstidene blir jamt over sterkt utvida (50 prosent)
• Postbanktenestene blir oppretthaldne i Post i Butikk, og statleg kjøp av posttenester skal utvidast til å dekkje bedriftsøkonomisk ulønsam bankdrift
• Alle nye Post i Butikk skal tilby sal og utlevering av kulturbillettar over skranke. Det er dessutan eit mål at dei eksisterande Post i Butikk skal oppgraderast slik at dei etter kvart også kan tilby kulturbillettar
• Hente- og bringetenester for bedrifter blir utbygd i område der postkontora blir omstilte
• Interiør og utstyrsløysing i Post i Butikk blir utforma etter krav om universell utforming
Samfunnspålagde tenester og einskapsporto: Sikrar godt tilbod i heile landet
Regjeringa går inn for å oppretthalde plikta som Posten har når det gjeld å tilby leveringspliktige posttenester og grunnleggjande banktenester i heile landet. Innanfor postverksemda fører slike lov- og samfunnspålagde tenester til at Posten skal utlevere prioritert brevpost og hentemeldingar alle kvardagar.
Posten skal dessutan formidle pakker, aviser og blad. Gjennom sitt ekspedisjonsnett skal Posten elles tilby grunnleggjande banktenester som til dømes kontantuttak og girobetaling, både over bankterminal eller skranke.
Tenester som fell inn under einerettsområdet skal ha geografisk einskapsporto. Alle portotakstar for prioritert brevpost under 50 gram innanlands skal framleis godkjennast av samferdselsministeren.
Regjeringa held fast ved at Posten Norge AS (Posten) framleis skal ha einerett til å formidle lukka adressert brevpost opptil 50 gram. Ved bruk av overskottet frå den delen av verksemda som er omfatta av eineretten og ved hjelp av ordninga med statleg kjøp av bedriftsøkonomiske ulønsame posttenester, vil regjeringa leggje til rette for at Posten kan drive lønsamt og samtidig ta vare på dei samfunnspålagde krava som følgjer av konsesjonen.
Statleg kjøp av bedriftsøkonomisk ulønsame post- og banktenester
Regjeringa vil føre vidare ordninga med statleg kjøp av bedriftsøkonomisk ulønsame posttenester. Denne ordninga gjer at Posten får dekt dei meirkostnadene som dei samfunnspålagte tenestene i eineretten inneber for selskapet.
Formidling av ulønsame banktenester er ikkje no ein del av ordninga med statleg kjøp av bedriftsøkonomisk ulønsame tenester. Utviklinga med stadig mindre bruk av banktenester i postnettet har gjort formidlinga av banktenester ulønsam. Samferdselsdepartementet meiner likevel at Posten framleis skal ha plikt til å tilby slike grunnleggjande banktenester. Fordi Posten av samfunnsmessige omsyn er pålagt å drive både ulønsame post- og banktenester, meiner departementet at ulønsame banktenester også bør vere omfatta av ordninga med statleg kjøp av tenester, går det fram av stortingsmeldinga.
Samfunnsansvar – og tilpassing til marknad i endring
Posten Norge AS er ei av dei største bedriftene i landet, med 22 272 årsverk og ein omsetnad på 23 668 millionar kroner i 2006. Om lag 90 prosent av omsetnaden er knytt til tenester og område der Posten konkurrerer med andre verksemder, til dømes formidling av brev over 50 gram, pakker, aviser, blad og banktenester, medan om lag 10 prosent av omsetnaden kjem frå einerettområdet, det vil seie formidling av brevpost opptil 50 gram.
Utviklinga er prega av generell nedgang i etterspurnaden etter dei tradisjonelle tenestene som brevpost og grunnleggjande banktenester. Posten ser det difor som nødvendig å føre vidare den veksten konsernet har hatt innanfor andre teneste- og produktområde, og Posten ønskjer at konsernet skal få ein konkurransedyktig posisjon på nordisk nivå. Ein slik nordisk posisjon vil på lengre sikt vere med på å styrkje lønsemda i verksemda.
Samferdselsdepartementet legg til grunn at Posten løyser dei samfunnspålagde krava på ein god og likeverdig måte i heile landet. Departementet legg til grunn at Posten driv lønsamt og heile tida søkjer effektive løysingar både på inntekts- og kostnadssida, og sikrar ei god utvikling for lønsemda i kjerneverksemda. Omstillingane skal ikkje gå ut over kvaliteten på dei samfunnspålagde tenestene i nokon del av landet. Departementet understrekar at ei sterk stilling i heimemarknaden er avgjerande for at Posten skal lukkast med den nordiske satsinga. Departementet føreset at Posten viser samfunnsansvar utover det som følgjer av lover og reguleringar, og står fram som eit godt eksempel for andre aktørar i saker der ein bør ta vare på viktige samfunnsinteresser, går det fram av stortingsmeldinga.
Krav til avkasting og utbytte
Avkastingsnivået må heile tida vurderast opp mot det samfunnsansvaret Posten har som formidlar av landsdekkjande posttenester. Avkastingsnivået skal ikkje prioriterast på ein måte som er til ulempe for kvaliteten på dei samfunnspålagde tenestene.
Regjeringa går inn for at avkastingskravet for Posten blir endra frå 10,8 prosent for morselskapet til 10 prosent på konsernnivå. Dette tilsvarar eit avkastningskrav på noko under 10 prosent for morselskapet. Kravet må vurderast dersom inntektsføresetnadane til Posten endrar seg. Eit slikt noko lågare avkastingskrav sikrar større rom for å gje Posten pålegg om å oppfylle samfunnsmessige og politiske prioriteringar.
I stortingsmeldinga blir det vist til at utbyttet frå staten no blir fastsett som innlånsrenta til staten multiplisert med eigenkapitalen til Posten, avgrensa oppover til 75 prosent av utbyttet etter skatt. Denne utbyttepolitikken vil også gjelde i åra framover, går det fram av meldinga.
Til redaksjonen
- For fleire opplysningar - sjå St.meld. nr 12 (2007-2008) Om verksemda til Posten Norge AS
- "Oversikt over hvilke postkontorer som planlegges lagt om til Post i Butikk, og hvilke som opprettholdes som postkontorer" - på Postens nettsider