Historisk arkiv

Avinor AS:

Marianne Njåstein ny styremedlem

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Økonomidirektør Marianne W. M. Njåstein, Bærum, blei ved generalforsamlinga i dag vald til ny styremedlem i Avinor AS, for ein periode på to år.

Økonomidirektør Marianne W. M. Njåstein, Bærum, blei ved generalforsamlinga i dag vald til ny styremedlem i Avinor AS, for ein periode på to år.

Styreleiaren Inge K. Hansen og styremedlemmane Oddbjørg Starrfelt og Petter Jansen er attvalde for to nye år.

Den nye styremedlemmen Marianne Njåstein er i dag økonomidirektør i Avantor AS. Ho har òg mellom anna tidlegare erfaring frå stillinga som økonomidirektør i Braathens AS frå 1999 til 2004. Ho overtek plassen i styret etter Anne Stärk-Johansen som ikkje ønskte attval.

Etter generalforsamlinga i dag er desse med i styret for Avinor AS:

  • Rådgjevar Inge K. Hansen, Oslo, leiar
  • Marknadsansvarleg Kristin Vangdal, Tromsø, nestleiar
  • Seniorrådgjevar Oddbjørg Starrfelt, Time
  • Administrerande direktør Petter Jansen, Røyken
  • Administrerande direktør Dag Helge Hårstad, Stjørdal
  • Økonomidirektør Marianne Njåstein, Bærum
  • Teamleiar Helge Løbergsli, Gjemnes, representant for dei tilsette
  • Flygeleiar Magne Jerpstad, Malvik, representant for dei tilsette
  • LTT-fullmektig Ingrid Synnøve Brendryen, Vennesla, representant for dei tilsette

På generalforsamlinga blei PricewaterhouseCoopers attvald som revisor for Avinor AS.

Avinor AS er eit fullt ut statleg aksjeselskap. Samferdselsdepartementet forvaltar dei statlege eigarinteressene i selskapet, og samferdselsministeren er generalforsamling for selskapet.