Utvida bompengeordning for E6 Trondheim - Stjørdal
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Nr: 151/08 | Dato: 12.12.2008
Regjeringa har i statsråd vedteke å opne for utvida bompengeinnkrevjing på strekninga Trondheim - Stjørdal.
Regjeringa har i statsråd i dag vedteke å opne for utvida bompengeinnkrevjing på strekninga Trondheim - Stjørdal, meir konkret parsellane Nidelv bru - Grillstad og Værnes - Kvithammar.
Det er lagt til grunn om lag 730 millionar kroner i statlege midlar i perioden 2010 - 2015. Bompengedelen på prosjektet er på omlag 80 prosent, tilsvarande 2.770 millionar kroner av den totale styringsramma på 3.500 millionar kroner. Det er venta opning for trafikk i 2013.
- Dette fører til at prosjektet E6 Trondheim - Stjørdal kan ferdigstillast. E6 frå Trondheim til Stjørdal er ein sentral del av hovudvegnettet i Trøndelag. Den utvida bompengeordninga vil gje dels ny firefeltsveg, og dels utbetra veg, frå Trondheim til Værnes, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.
Lenke til St. prp. nr. 31 (2008 - 2009):
Pressekontakt:
Dag H. Nestegard
Seniorrådgjevar
Informasjonsseksjonen
Samferdselsdepartementet
Telefon 22 24 81 52 - 48 17 02 09
E-post dag.nestegard@sd.dep.no