Historisk arkiv

Tilsetting:

Elisabeth Enger – ny jernbanedirektør

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Elisabeth Enger, Oslo, er i statsråd i dag tilsett i stillinga som jernbanedirektør og leiar for Jernbaneverket. Ho er 49 år og har sidan 2001 vore rådmann i Bærum kommune. Ho har brei leiarerfaring frå offentleg sektor.

Elisabeth Enger (Foto: SD)Elisabeth Enger, Oslo, er i statsråd i dag tilsett i stillinga som jernbanedirektør og leiar for Jernbaneverket. Ho er 49 år og har sidan 2001 vore rådmann i Bærum kommune. Ho har brei leiarerfaring frå offentleg sektor.

Elisabeth Enger er cand.mag. med 3-årig utdanning som kommunalkandidat og 1. avdeling juridicum.

Ho arbeidde frå 1980 til 1982 som sakshandsamar i Akershus fylkeskommune, og ho var i tida 1983 – 1989  konsulent og seinare rådmann i Skodje kommune.

I tida 1989 – 1993 var ho stabsjef og direktør i Kommunenes Sentralforbund, og ho var rådmann i Lier kommune frå 1994 til 2001, då ho vart tilsett som rådmann i Bærum kommune.