Statsbudsjettet 2009:
Ny tid for jernbanen
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
Pressemelding | Dato: 07.10.2008
Regjeringa foreslår å løyve i alt 8,84 milliardar kroner til jernbaneføremål, ein auke på vel 1,3 milliardar kroner eller 17,4 prosent frå saldert budsjett 2008. - Regjeringsskiftet innebar ei ny tidsrekning for jernbanen i Noreg. Den kraftige opptrappinga som regjeringa allereie har gjennomførd blir no følgd opp med ein enda større auke i budsjettframlegget for 2009, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.
Regjeringa foreslår å løyve i alt 8,84 milliardar kroner til jernbaneføremål, ein auke på vel 1,3 milliardar kroner eller 17,4 prosent frå saldert budsjett 2008.
- Regjeringsskiftet innebar ei ny tidsrekning for jernbanen i Noreg. Den kraftige opptrappinga som regjeringa allereie har gjennomførd blir no følgd opp med ein enda større auke i budsjettframlegget for 2009. Eg er stolt av å sitje i ei regjering som har auka investeringsnivået til jernbanen med 140 prosent sidan vi tok over, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.
I alt vel 7,07 milliardar kroner av løyvinga til jernbaneføremål går til Jernbaneverket og skal nyttast til drift, vedlikehald og investeringar på linenettet. Dette er om lag 1260 millionar kroner eller 21,7 prosent meir enn for 2008.
Drift og vedlikehald av linenettet: 3,8 milliardar kroner, aukar med vel 12 prosent
Til drift og vedlikehald er det sett av til saman 3,8 milliardar kroner, ein auke på 411 millionar kroner eller 12,1 prosent. Denne auken gjer det mellom anna mogeleg å styrkje tiltak for å unngå saktekøyring på Bergens- og Dovrebanen, i tillegg til å føre vidare viktig vedlikehaldsarbeid og fornying i Oslo-området, mellom anna i Oslotunnelen.
Investeringar i linenettet: 3,2 milliardar kroner, aukar med 850 millionar kroner
Til investeringar i linenettet er det foreslått i alt 3,2 milliardar kroner, ein auke med 850 millionar kroner eller 36,2 prosent frå 2008. I tillegg til å føre vidare arbeidet med store utbyggingsprosjekt som alt er sette i gang, er det foreslått løyvingar til å setje i gang mellom anna utbygging av nytt dobbeltspor på strekninga Barkåker – Tønsberg på Vestfoldbanen og bygging av ny Gevingåsen tunnel mellom Hommelvik og Hell på Nordlandsbanen.
Om lag 580 millionar kroner er sett av til prosjekt og tiltak særleg nytte for godstrafikken. Dette omfattar mellom anna midlar til godsterminalane i Ganddal, Brattøra og Alnabru og midlar til kryssingsspor på Østfold-, Gjøvik- og Sørlandsbanen og fleire andre tiltak for å auke kapasiteten på jernbanenettet.
Statleg kjøp av persontransporttenester med tog: Vel 1,71 milliardar kroner
Løyvingane til jernbaneføremål omfattar òg vel 1,71 milliardar kroner til statleg kjøp av persontransporttenester med tog. Dette kjøpet gjeld i hovudsak kjøp av transportenester frå NSB AS og omfattar toggruppene nærtrafikk, intercitytrafikk, region- og matetrafikk og nattog. I tillegg omfattar kjøpet av persontransporttenester frå NSB også fjerntog på Nordlandsbanen (Trondheim – Bodø).
Den føreslåtte løyvinga til statleg kjøp frå NSB AS omfattar elles kjøp av to grenseoverskridande togtilbod mellom Norge og Sverige på strekninga Oslo – Stockholm og på Meråkerbanen mellom Trondheim og Østersund. Kjøp av persontransport frå NSB Gjøvikbanen og kjøp av persontransport med tog frå SJ på Ofotbanen er dessutan omfatta av forslaget.
Statens jernbanetilsyn
Til drift av Statens jernbanetilsyn er det sett av 37,3 millionar kroner.
Investeringar i linenettet: Fordeling av 3 1991,1 millionar kroner
Den foreslåtte løyvinga på til saman 3199,1 millionar kroner til investeringar i linenettet er 850 millionar kroner eller 36,2 prosent meir enn for 2008. Midlane skal nyttast til ei rekkje tiltak over heile linenettet, og er fordelte slik:
260 millionar kroner for å gjere ferdig arbeidet med prosjektet Lysaker stasjon. Arbeidet tok til ved årsskiftet 2005/2006, og dei to første spora var ferdige sommaren 2007. Den nye stasjonen skal vere ferdig sommaren 2009.
840 millionar kroner for å vidareføre prosjektet Lysaker – Sandvika, som omfattar 6,7 kilometer nytt dobbeltspor. 5,7 kilometer av den nye traseen går i tunnel. Det har i dei siste åra vore god framdrift på prosjektet, som etter planen skal vere ferdig i 2011.
761 millionar kroner til vidare arbeid med utbygging til dobbeltspor mellom Sandnes og Stavanger. I tillegg vil det som ein del av ombygginga bli nytta 110 millionar kroner til å fornye det eksisterande anlegget. Dobbeltsporet blir ferdig hausten 2009.
52,4 millionar kroner til sluttføring av prosjektet Ganddal godsterminal i Rogaland. Den nye terminalen blei opna for drift i januar 2008.
8 millionar kroner til dekning av avsluttande arbeid ved Brattøra godsterminal i Trondheim. Sjølve arbeidet med ombygging ved terminalen blir ferdig i 2008.
144 millionar kroner til fjernstyring på Nordlandsbanen, fordelt med 21 millionar kroner til strekninga Grong – Mosjøen og 123 millionar kroner til strekninga Mosjøen – Bodø. Prosjekta er viktig for å redusere reisetida og for å auke kapasiteten og tryggleiken på Nordlandsbana.
100 millionar kroner til prosjektet dobbeltspor Bergen stasjon – Fløen.
150 millionar kroner til oppstart av prosjektet Gevingåsen tunnel mellom Hommelvik og Stjørdal. Utbygginga vil gjere reisa mellom Trondheim – Steinkjer 1,7 kilometer kortare, og fører dessutan til auka kapasitet og meir robust driftsopplegg for togtrafikken på strekninga Hommelvik – Hell. – Tidspunkt for oppstart av prosjektet må sjåast i samanheng med at Avinor skal gjennomføre utviding av Trondheim lufthamn, Værnes og at ein har behov for sprengstein til utfylling av flyplassen.
160 millionar kroner til oppstart i 2009 for prosjektet bygging av nytt dobbeltspor mellom Barkåker og Tønsberg på Vestfoldbanen. Utbygginga omfattar ei strekning på 7,7 kilometer, medrekna tilkoplingar til eksisterande jernbanetrase. 1,6 kilometer av det nye dobbeltsporet vil gå i tunnel. Utbygginga vil gi kortare reisetid på strekninga Tønsberg – Oslo, og vil også leggje til rette for meir effektive togkryssingar med dagens ruteopplegg.
200 millionar kroner er forslått til planlegging og nødvendig kjøp av grunn til nye investeringsprosjekt. Midlane skal nyttast til planlegging av mellom anna Alnabru godsterminal (containertereminal sør), dobbeltspor Eidsvoll – Hamar, dobbeltspor Holm – Holmestrand – Nykirke og dobbeltspor Oslo S – Ski, medrekna Ski stasjon.
140 millionar kroner til planlegging, organisering og gjennomføring av tiltak for å gjere trafikken på jernbanenettet enda tryggare. Midlane skal brukast til ei rekkje tekniske tiltak, sikring og fjerning av planovergangar, tunnel- og rassikring.
268,7 millionar kroner skal nyttast til mindre tiltak og prosjekt som har som mål å auke kapasiteten på det eksisterande jernbanenettet for både gods- og persontransporten. Dette omfattar mellom anna forlenging av kryssingsspor, bygging av nye kryssingsspor, modernisering av driftsbanegardar og godsterminalar. I 2009 vil løyvinga i hovudsak gå til utbygging av Berg kryssingsspor og Halden driftsbanegard, bygging av sporanlegget på Fauske stasjon på Nordlandsbanen, Jensrud kryssingsspor på Gjøvikbanen, Ualand og Nodeland kryssingsspor på Sørlandsbanen.
115 millionar kroner er sett av til tiltak ved stasjonar og knutepunkt. Midlane skal mellom anna nyttast til arbeid for å gjere stasjonar meir tilgjengeleg for alle grupper av reisande. Det vil også bli lagt vekt på tiltak som gjer stasjonane enda tryggare og som fører til at dei reisande får betre service og løpande informasjon om trafikksituasjonen, mellom anna ved utbygging av nytt og betre høgtalarsystem ved stasjonane.
Forskottering av investeringar i jernbaneinfrastruktur
Regjeringa foreslår at det skal innførast ei generell forskotteringsfullmakt for investeringar i jernbaneinfrastruktur, på tilsvarande måte som for investeringar i veginfrastruktur.
Med ei slik ordning kan ein i større grad ta omsyn til forslag frå jernbaneverksemder, lokale styresmakter og næringsverksemder om forskottere investeringar i jernbaneinfrastruktur. Ei slik fullmakt gjer det mogeleg for lokale styresmakter og jernbaneverksemder å framskunde mindre investeringstiltak i jernbaneinfrastrukturen.
Samferdselsdepartementet legg opp til at vilkåra for forskotteringsfullmakta skal vere det same som den ordninga som gjeld for vegprosjekt. Det vil seie at tilbakebetaling av forskott skal skje krone for krone og utan tillegg for renter, innanfor løyvingar på jernbanebudsjettet, når prosjektet kan takast opp til ordinær løyving over budsjettet til Jernbaneverket. Dette inneber også at prosjekta skal vere prioriterte i dei ordinære planprosessane, altså i Nasjonal transportplan og i handlingsprogrammet til Jernbaneverket. For å hauste erfaring med ordninga foreslår Samferdselsdepartementet at det blir sett eit tak på fullmakta, slik at den samla bindinga av forskotterte investeringar ikkje kjem over 200 millionar kroner.
Utbytte
Innan jernbanesektoren eig Samferdselsdepartementet to selskap, NSB AS og Baneservice AS. Regjeringa foreslår eit utbytte på 221 millionar kroner frå NSB AS i 2009. For BaneService AS er det ikkje budsjettert med utbytte for 2008.