Historisk arkiv

Oslopakke 3: Meir midlar til betre og meir miljøvenleg transportsystem

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Innføringa av ei ny bompengeordning for Oslo-området gjer det mogeleg å nytte bompengemidlar til å styrkje drifta av kollektivtransporten i Oslo og Akershus og til å finansiere vidare utbygging av veg- og kollektivprosjekt som alt er kome i gang, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med framlegget i statsråd i dag.

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete og t-baneførar. Foto: SD- Innføringa av ei ny bompengeordning for Oslo-området – Oslopakke 3 trinn 1 – gjer det mogeleg å nytte bompengemidlar til å styrkje drifta av kollektivtransporten i Oslo og Akershus og til å finansiere vidare utbygging av veg- og kollektivprosjekt som alt er kome i gang. 

Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at det i statsråd i dag er gjort framlegg om å få krevje inn bompengar til delvis bompengefinansiering av Oslopakke 3, trinn 1.

Framlegget frå regjeringa følgjer opp eit breitt tverrpolitisk vedtak i Oslo kommune og Akershus fylkeskommune. Den nye bompengeordninga vil avløyse dagens Oslopakke 1 og 2. Lokale styresmakter har vedtatt at innkrevjinga skal skje i eksisterande bomring og i eit nytt ”snitt” på fylkesgrensa i vest.

Det er tidlegare avklart at gjennomføringa av Oslopakke 3 skal skje i to trinn.

- Oslopakke 3 trinn 1 gjer det mogeleg å gje kollektivsatsinga eit skikkeleg løft allereie i 2008 ved hjelp av den bompengeinnkrevjinga som det no vert gjort framlegg om. Midlane skal elles nyttast til utbygging av veg- og kollektivprosjekt som alt er sette i gang, mellom anna prosjektet riksveg 150 Ulvensplitten-Sinsen, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Oslopakke 3 trinn 2 kjem hausten 2008, i samband med framlegginga av stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan 2010-2019, og her vert den samla utbyggingsplanen for Oslopakke 3 presentert.

Det er rekna med at Oslopakke 3 vil gje ei årleg meirinntekt på om lag 750 millionar kroner samanlikna med dagens bompengeordning. Allereie i år vil det verte vesentlege meirinntekter. 

Tiltaka i Oslopakke 3 skal etter planen gjennomførast over ein periode på 20 år, og skal finansierast ved hjelp av trafikantbetaling og midlar over statsbudsjettet. Frå lokalt hald ligg det føre eit forslag med ei økonomisk ramme for Oslopakke 3 på 54 milliardar kroner.

 

Foto: Oslo sporveier (ingress), Samferdselsdepartementet (artikkelfoto)